Hopp til hovedinnhold

April − trykkplasseringa

Spørsmål

Skal april uttalast med trykk på fyrste eller siste stavinga?


Svar

Den vanlegaste uttalen er nok med trykk på /-i-/, men i somme dialektområde ligg trykket på /a-/. Begge desse uttalemåtane vil vi rekne som korrekte.

I aprilsnarr høyrer ein nok oftare den opphavlege trykkplasseringa i austnorsk.

Endå alternativa er jamgode reint språkleg, er det somme som reagerer når dei høyrer trykket lagt på fyrste stavinga. Samanhengen avgjer korleis det blir oppfatta. Når ein til dømes les andres tekstar høgt offentleg, kan det difor vere lurt å vurdere kva som høver best med teksten og opphavspersonen. Det gjeld begge vegar.

Mange andre lånord har to uttalevariantar på same måten, t.d. banan og avis.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.