Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Språkspørsmål og svar

Vi diskuterer hva som er riktig av sine og deres i følgende setning: «Noen setter syklene sine i kjelleren, mens andre har glemt hvordan syklene sine/deres ser ut.»

Svar

Sine viser tilbake til subjektet i setningen, som er eieren av det som står etter sine. I setningen «Noen setter syklene sine i kjelleren» viser sine til noen (det er disse noen sine sykler), og det er helt korrekt.

Regelen gjelder også for leddsetninger. «Andre har glemt» er oversetning (minus objekt), mens «hvordan syklene … ser ut» er en leddsetning. I leddsetningen er syklene subjekt. Men syklene kan jo ikke være eiere av seg selv. Altså er sine feil her. Da må det hete deres.

Men vent! Dere i deres kan jo også i teorien vise til noen helt andre enn de nevnte andre (for eksempel de førstnevnte noen eller noen som ikke er nevnt i teksten). Jo, men da hjelper det ikke å sette inn sine; det må full omskrivning til.

Merk at dette er regler for korrekt skriftspråk. I mange dialekter brukes sin og sine mer, også for å vise fra en leddsetning til subjektet i en oversetning. Det kan være helt riktig talemålsgrammatikk. Bare søk på «vet (ikke) hvem faren sin er».

Skal eg bruke seg eller han/ho i desse setningane?

1 Ola lét dei stå og sjå på ___ ei stund.

2 Ho høyrer nokon rope bak ___, og snur seg.

3 Anne fekk Kjell til å ta kveldsvakta for ___.

Svar

Bruk seg for å vise tilbake til det næraste tenkjelege subjektet og han/ho for å vise til noko utanfor det.

Når vi skal ta føre oss eksempla dine, byrjar vi med å spørje kven som utfører verbalhandlingane sjå, rope og ta, altså kven som er logisk subjekt for det verbet som står (i infinitiv) nærast det opne feltet. Svaret er 1) dei, 2) nokon og 3) Kjell. Dersom det er dei same personane vi vil vise til med eit pronomen, er det refleksivpronomenet (seg) vi skal bruke. Men i dei tre eksempla er det truleg 1) Ola, 2) Ho og 3) Anne vi vil vise til til i det opne feltet. Då seier regelen at vi skal velje andre pronomen (han, ho, henne). Men for strenge kan vi ikkje vere. På norsk nyttar ein ofte refleksivpronomen der det ikkje kan mistydast i samanhengen, uavhengig av skulegrammatikk.

Vi må gjere oss kjende med eit par nye omgrep for å tak på dette.

Domene: setningar og anna

Refleksivpronomenet seg (og det refleksive eigedomspronomenet sin) viser som hovudregel til subjektet i det domenet det står i. Domene er i denne samanhengen anten ei setning med bøygd verb og grammatisk subjekt eller ei setning utan grammatisk subjekt, som infinitivskonstruksjonar, småsetningar og substantivfrasar. Den første typen setning blir kalla «opne setningar», den andre typen «skjulte setningar». I eksempla har vi å gjere med tre infinitivskonstruksjonar: «sjå på», «rope bak» og «ta kveldsvakta for». Vi kjem attende til dei.

Opne setningar

I opne setningar er det som regel lett å finne subjektet og dermed avgjere om det høver å bruke seg eller eit anna pronomen:

Ola ville at dei skulle sjå på han.

Her er dei det eksplisitte subjektet i leddsetninga (etter at). Ettersom meininga er at dei andre skulle sjå på Ola (ikkje på seg sjølv), må ein velje han, endå det òg kan vere tale om ein annan han.

Skjulte setningar

Skjulte setningar har ikkje noko grammatisk (uttrykt) subjekt, og her kan ein ofte vere i tvil om kva som er rett. Alle dei tre setningane du spør om, er av dette slaget. Merk at faktisk bruk i slike setningar varierer, og at det finst ein viss dialektvariasjon. I skriftmålet gjeld nok likevel hovudregelen om at seg (berre) viser tilbake til subjektet i det domenet det står i.

I døma er det eksplisitte objektet i oversetninga (dei, nokon, Kjell) skjult subjekt i leddsetninga.

Ola lét dei stå og sjå på [?] ei stund.

Det skjulte subjektet til verbet sjå er dei, altså er det dette leddet seg ville ha vist til her. Men ettersom meininga er at dei såg på han, bør ein velje pronomenet han:

Ola lét dei stå og sjå på han ei stund. (At det i tillegg kan vise til ein han nummer 2, får våge seg her òg.)

I den neste setninga er det skjulte subjektet nokon:

Ho høyrer nokon rope bak [?], og snur seg.

Sidan nokon her truleg roper bak ryggen hennar, ikkje bak ryggen på nokon annan, må ein derfor setje inn ho eller henne:

Ho høyrer nokon rope bak henne, og snur seg.

I praksis vil likevel varianten med seg i dette tilfellet bli forstått på same måte, fordi det ikkje gir meining at seg skal vise til nokon.

I det siste eksempelet nedanfor er det òg sakleg sett hipp som happ kva ein vel. Formelt er det skjulte subjektet i leddsetninga Kjell, men det gir jo ikkje meining at Kjell skulle ta kveldsvakta for seg sjølv.

Anne fekk Kjell til å ta kveldsvakta for ho/seg.

Det er altså samanhengen, ikkje valet av pronomen, som avgjer tolkinga i praksis. I mange dialektar brukar ein nok refleksiv så langt det ikkje kan mistydast og kanskje litt til. I skriftmålet går ein derimot gjerne over til han/ho/henne så snart refleksiven i teorien kan gi ei anna tolking enn den tilsikta.

Meiningsskilnad

Om vi set inn ein annan verbfrase i den same setninga, kan pronomenvalet gi klar meiningsskilnad:

Anne fekk Kjell til å klippe seg.

Anne fekk Kjell til å klippe ho/henne.

På dialekt kan den første setninga tolkast på to måtar, men i skriftmålet bør ho vise til klipping av Kjell. I den andre setninga er det naturlegvis Anne som blir klipt.

Hva heter det?

a) DE har bygd DERES egen båt.
b) DE har bygd SIN egen båt.

Og hva skjer hvis vi legger til i hagen sin/deres?

Svar

Svaret er at DE har bygd SIN egen båt.

Med utvidelse:

I hagen sin har de bygd sin egen båt.
De har bygd sin egen båt i hagen sin.

(Det er naturlig å sløyfe sin til slutt, siden det nesten er selvsagt at det ikke er i noen andres hage de har bygd båten.)

Utsagnet «De har bygd deres egen båt» er vanskelig å tolke som noe annet enn en feil. Det kan til nød bety noe så søkt som at «de» har bygd en båt for «dere» (altså for dem man sier setningen til), eller at de har bygd en båt for noen helt andre, altså et annet «de». Deres må altså tolkes på samme måte som vi tolker det i «Vi har bygd deres egen båt».

Her skiller norsk grammatikk seg fra dansk (deres egen) og engelsk (their own).

Vi kan ta for oss hele pronomenrekka på bokmål og nynorsk.

Bokmål

Entall
1. person: Jeg har bygd MIN egen båt.
2. person: Du har bygd DIN egen båt.
3. person: Han/hun har bygd SIN egen båt.

Flertall
1. person: Vi har bygd VÅR egen båt.
2. person: Dere har bygd DERES egen båt.
3. person: De har bygd SIN egen båt.

Nynorsk

Eintal
1. person: Eg har bygt MIN eigen båt.
2. person: Du har bygt DIN eigen båt.
3. person: Han/ho har bygt SIN eigen båt.

Fleirtal
1. person: Vi har bygt VÅR eigen båt.
2. person: De har bygt DYKKAR eigen båt.
3. person: Dei har bygt SIN eigen båt.

Bygt kan heite bygd; det er valfrie former. Like eins kan de heite dokker, og då blir dykkar til DOKKAR.