Statlege namn
Korleis er det med namn i staten? Må alle statlege organ ha norske namn?
Korleis er det med namn i staten? Må alle statlege organ ha norske namn?
Språklova (paragraf 10) seier at statsorgan skal ha namn på norsk. Namna skal vere på både bokmål og nynorsk, eller dei skal høve på båe skriftspråka. Namna skal vere i samsvar med den offisielle rettskrivinga. I lovproposisjonen står det at kravet om namn på norsk også gjeld namn og nemningar på regionale organisasjonsledd, avdelingar, seksjonar, nemnder, utval og andre organisatoriske einingar.
Språkrådet gir statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn på statsorgan (paragraf 19). Statsorgana må ta kontakt med Språkrådet i god tid før dei vedtek nye namn.
I tillegg til det norske namnet kan eit statsorgan ha namn på engelsk, men det kan ikkje ha namn berre på engelsk.
Språkrådet kan ikkje gripe direkte inn og endre eit statleg namn, men kan påpeike brot på reglane overfor statsorganet og det departementet statsorganet ligg under.