Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Rett til å klage på uklart språk?

Er det slik at paragraf 9 i språklova gjev folk rett til å krevje klart språk i informasjon frå det offentlege, og rett til å klage dersom språket er uklart?


Klart, korrekt og mottakartilpassa språk medverkar til effektiv og eintydig kommunikasjon. God kommunikasjon med borgarane er ein føresetnad for at offentlege organ skal kunne tilby gode tenester.

Paragraf 9 (den såkalla klarspråksparagrafen) i språklova er ei pliktføresegn. Plikta til å bruke klart språk gjeld for alle offentlege organ: stat, fylkeskommune og kommune. Plikta gjeld publikumsretta informasjon og informasjon til enkeltpersonar, og informasjonen omfattar både tekstar og digitale tenester.

Kva tyder «klage»?

I paragraf 9 står det ikkje noko eksplisitt om rettar, men formålet med å formulere ei plikt for den eine i ei lov er å etablere ein rett for ein annan. Altså har folk rett til å få informasjon frå det offentlege på klart språk. Om dei kan krevje det, er ei anna sak. Det bringar oss over til spørsmålet om klage.

Først ei viktig presisering: Klage har éi tyding i kvardagsspråket og ei anna tyding som forvaltningsrettsleg fagterm.

Klage i kvardagsspråket tyder å gje uttrykk for misnøye med noko, i vid forstand. (Engelsk: complain.) Klage i forvaltningsrettsleg forstand tyder å gje uttrykk for misnøye med eit vedtak og oppmode om ny behandling, eller å gje uttrykk for at ein rett ikkje er oppfylt, og krevje betring. (Engelsk: appeal.) Rett til å klage er rett til å få ei sak vurdert på nytt. Klage utløyser (på visse vilkår) handleplikt hos mottakaren.

Ikkje klagerett i forvaltingsrettsleg forstand

Språklova gjev ikkje rett til å klage (i forvaltningsrettsleg forstand) etter paragraf 9. Det vil seie at ein har rett til å gje uttrykk for misnøye med språket i ein tekst, men ein har ikkje rett til å få teksten utforma på nytt. Kort sagt: Ein kan klage (i kvardagsspråkleg tyding), men ikkje krevje.

Om ein vil melde frå om at språket i ein tekst er uklart, må ein ta direkte kontakt med det organet som har skrive den aktuelle teksten. Dei fleste offentlege organ set pris på tilbakemeldingar som dei kan bruke for å bli betre.

Framlegg til melding om uklart språk

Oppsummering

  • Klarspråksparagrafen er ei pliktføresegn som gjeld for offentlege organ på alle forvaltningsnivå: stat, fylkeskommune og kommune.
  • Ein kan klage på (dvs. gje uttrykk for misnøye med) uklart språk i ein tekst frå eit offentleg organ, men ein kan ikkje krevje å få teksten omgjord.

Fant du det du lette etter?