Hopp til hovedinnhold

Kva er eit språkvedtak?

I språklova § 11 står det om kommunale og fylkeskommunale språkvedtak. Kva er eit språkvedtak, kva inneber det, og kven gjer slike vedtak?


Eit språkvedtak er eit vedtak frå ein kommune eller ein fylkeskommune om kva for skriftspråk statsorgan skal bruke i all skriftleg kommunikasjon med dei. Kommunen eller fylkeskommunen kan gjere vedtak om at det skal brukast berre nynorsk eller berre bokmål, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral.

Eit statsorgan som skal skrive til ein kommune eller fylkeskommune, må følgje det språkvedtaket som kommunen eller fylkeskommunen har gjort. Har kommunen eller fylkeskommunen gjort vedtak om nynorsk, må statsorganet bruke nynorsk. Har kommunen eller fylkeskommunen gjort vedtak om bokmål, må statsorganet bruke bokmål. Om kommunen eller fylkeskommunen er språkleg nøytral, kan statsorganet sjølv velje om det vil bruke bokmål eller nynorsk. (Sjå språklova § 15 andre leddet.)

Det same gjeld når ein fylkeskommune skal skrive til ein annan fylkeskommune eller kommune.

Merk: Eit språkvedtak er ikkje det same som eit vedtak om administrasjonsspråk.

Kven gjer språkvedtak, og når må det gjerast nye språkvedtak?

Det er berre kommunestyre og fylkesting som kan gjere språkvedtak.

Nye språkvedtak må gjerast når kommunar eller fylke skal slåast saman eller løysast opp.

Nye språkvedtak kan gjerast dersom eit fylkesting eller kommunestyre meiner det er grunn til det.

Kva er eit vedtak om administrasjonsspråk?

Eit vedtak om administrasjonsspråk er eit vedtak om kva språk kommunane og fylkeskommunane skal bruke internt hos seg og i kommunikasjonen med innbyggjarane sine.

• Jobbar du i staten, har du plikt til å sjekke språkvedtaket til kommunen eller fylkeskommunen du vil kontakte, og bruke skriftspråket dei har valt.
• Jobbar du i fylkeskommunen, har du plikt til å sjekke språkvedtaket til kommunen eller fylkeskommunen du vil kontakte, og bruke skriftspråket dei har valt.
• Jobbar du i kommunen, har du ikkje plikt til å følgje språkvedtaket til fylkeskommunen eller kommunen du tek kontakt med, men om du likevel gjer det, viser du at du respekterer språkvalet til den aktuelle kommunen eller fylkeskommunen.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.