Spørsmål:
Eg har lært at vi har fem nasjonale minoritetar, men så har eg sett at det berre er tre nasjonale minoritetsspråk. Stemmer det? Og kvifor er det slik?
Svar:
Det stemmer. Dette er bakgrunnen: I 1998 ratifiserte Noreg rammekonvensjonen til Europarådet om vern av nasjonale minoritetar. Samstundes vedtok Stortinget også at det er fem nasjonale minoritetar i Noreg – kvenar/norskfinnar, romanifolk/taterar, romfolk, jødar og skogfinnar. Samane er eit urfolk og er altså ikkje ein nasjonal minoritet. I språklova frå 2022 står det at «[k]vensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk i Noreg.» Det er altså, som du påpeiker, ikkje like mange nasjonale minoritetsspråk som det er nasjonale minoritetar.
Kvensk, romani og romanes er levande språk i Noreg. Dei tre språka er veldig ulike, og dei er alle i dagleg bruk, men dei blir brukte i ulik grad. For skogfinnane og den jødiske nasjonale minoriteten er det annleis.
Skogfinsk var i slekt med kvensk og finsk, og har røter i dialekten i Savolaks, eit landskap midt i Finland. Skogfinnane er etterkomarar av finnar som vandra inn frå Sverige på 1500- og 1600-talet. På den tida var Finland del av Sverige. Dei fleste innvandrarane kom altså ikkje beinveges frå Finland, men frå finske busetnader i dei svenske skogane. Dei fleste i denne gruppa kom opphavleg frå Savolaks og Tavastland i Finland, og dei tala hovudsakleg finske dialektar derifrå. Skogfinsk er ei nemning for det finske språket som vart nytta av denne gruppa.
Skogfinsk var i vanleg, dagleg bruk langt inn på 1900-talet. Det vert sagt at den siste som hadde skogfinsk som morsmål, døydde på 1960-talet. I dag er mange namn, stadnamn og uttrykk på skogfinsk framleis i bruk. Det skogfinske språket finst i opptak og er nedskrive. I 2025 vart det publisert eit lite dikt på rekonstruert skogfinsk – kanskje det første publiserte skjønnlitterære verket på norsk skogfinsk nokosinne.
Jødane var lenge stengde ute frå det dansk-norske riket. Det var nokre unntak. Til dømes var det jødiske samfunn i Altona, Fredericia og København. Med den såkalla jødeparagrafen – paragraf 2 i den norske Grunnlova frå 1814 – vart i praksis unntaka frå forbodet fjerna, og alle jødar vart nekta tilgang til riket. Dermed vart det sett ein stopp for det vesle jødiske innslaget i Noreg. «Jødeparagrafen» vart oppheva i 1851, og etter den tid kom det små grupper jødiske innvandrarar til Noreg.
Desse gruppene talte ofte jiddisk, og dei nytta hebraisk til religiøse føremål. Jiddisk er eit germansk språk med mange lånord frå hebraisk.
Språka til dei nasjonale minoritetane skogfinnar og jødar var levande i bruk i Noreg for berre få generasjonar sidan. Jiddisk og hebraisk er i bruk av millionar av menneske, og det finst brukarar i Noreg i dag. Nærskylde språk til skogfinsk, som finsk (særleg enkelte dialektar) og kvensk, er levande språk – også i Noreg. Det skogfinske språket forsvann både gjennom gradvis integrering av skogfinnar i den norske majoriteten og gjennom tvungen assimilering. Jiddisk i Noreg gjekk sameleis ut av bruk gjennom integrering av jødar i den norskspråklege majoriteten, men hovudsakleg på grunn av det nazistiske forsøket på å utradera jødane i Europa. I proposisjonen som følgjer med språklova, står det at interessa for jiddisk er aukande i det jødiske miljøet i Noreg.
I språklovsproposisjonen står det òg at sjølv om jiddisk og skogfinsk ikkje er verna gjennom minoritetsspråkpakta i Noreg, vil ikkje det seie at desse minoritetane er «språklause», eller at det ikkje kan vera behov for språklege tiltak.