Skandinaviske språk
Alle har rett til å bruke skandinaviske språk (svensk eller dansk) i kontakt med offentlege organ i Noreg.
Alle har rett til å bruke skandinaviske språk (svensk eller dansk) i kontakt med offentlege organ i Noreg.
Språklova (paragraf 8) seier at alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ i Noreg.
Offentlege organ skal kunne ta imot førespurnader på svensk og dansk, men dei kan svare på norsk (bokmål eller nynorsk).
Svensk, dansk og norsk er i prinsippet gjensidig forståelege språk. Det vil seie at svenskar, danskar og nordmenn i stor grad forstår kvarandre eller bør vere i stand til å gjere det. Det er eit språkpolitisk mål å halde den skandinaviske nabospråksforståinga ved lag.
Den nordiske språkdeklarasjonen har som eit utgangspunkt for den nordiske språkpolitikken «at det nordiske samarbeidet fremover foregår på de skandinaviske språkene, dvs. dansk, norsk og svensk».