Språklova seier at alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ i Noreg.
Svensk, dansk og norsk er i prinsippet gjensidig forståelege språk, det vil seie at svenskar, danskar og nordmenn i stor grad forstår kvarandre eller bør vere i stand til å gjere det. Det er eit språkpolitisk mål å halde den skandinaviske nabospråksforståinga ved lag.
Nabospråksforståinga har vore under press lenge. Oftare enn før snakkar og skriv skandinavar engelsk til kvarandre.
Retten til å bruke svensk og dansk overfor norske styresmakter kan dempe behovet for å bruke engelsk i Noreg og kan dermed indirekte stø opp under den skandinaviske nabospråksforståinga.
Nei. Eit offentleg organ kan svare på norsk (anten nynorsk eller bokmål) når det får ein førespurnad på svensk eller dansk. Om ein kan gje eit skikkeleg og språkleg korrekt svar på dansk eller svensk, kan ein gjerne gjere det. Elles er det best å la vere.
Skal et offentlig organ behandle henvendelser på svensk og dansk, må de ansatte kunne så mye svensk og dansk at de forstår nøyaktig hva henvendelsene går ut på.
Det finnes flere gode ressurser som kan være til hjelp i arbeidet, for eksempel på nettstedet norden.org.
Den Danske Ordbog – ordnet.dk
Jens Cramer og Peter Kirkegaard: Dansk sproglære for nordmænd (Ad Notam Gyldendal 2008)
Svenske ordbøker: svenska.se – Akademiens ordböcker
Per Mårtenson og Anton Fjeldstad: Svenska för norrmän (Ad Notam Gyldendal 2007)
Nordiske møteord: Nordiske mødeord — sproget.dk
Det er ein god idé å lese svensk og dansk litteratur på originalspråket. Mange bibliotek har slik litteratur til utlån. Det kan også vere nyttig å følge med på svenske og danske nettmedium eller sjå på tilgjengelege svensk- eller danskspråklege TV-kanalar.
I den norske skolen lærer alle om litt om svensk og dansk språk og litteratur. Sidan norsk, dansk og svensk er såpass like, har det i stor grad vore mogleg for skandinavar å snakke saman utan å legge om språket. Men skandinavane forstår kvarandre ikkje like godt som dei gjorde for nokre tiår sidan. Det er eit viktig mål med det nordiske språksamarbeidet å styrke den skandinaviske nabospråksforståinga, jf. Den nordiske språkdeklarasjonen.
Kvar tilsett har ikkje individuell rett til slik opplæring, men leiinga i kvart organ har plikt til å sørge for at organet som heilskap har den kompetansen som trengst for å kunne forstå og behandle førespurnader på svensk eller dansk.
Ja, alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ. Det er ikkje noko vilkår at ein har svensk eller dansk som morsmål eller er svensk eller dansk statsborgar.