Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Nyord

Det vert laga nyord heile tida, og det er ikkje grenser for kor mange nye ord vi kan få i språket vårt. Nokre nyord er døgnfluger, medan andre vil slå rot og kanskje kome i ordbøkene. Fenomenet vert ofte kalla neologisme på fagspråket.


Språk speglar samfunnet og utviklar seg i takt med samfunnsutviklinga. Det er vi som språkbrukarar som lagar nyord. Nokre nyord kjem til som resultat av aktiv språkplanlegging, til dømes termar og fagord, men dei aller fleste oppstår heilt spontant. Ungdom lagar nyord i sjargongspråket sitt, journalistar lagar nyord som skal fengje og folk begynner å bruke etablerte ord i nye tydingar. Om nyorda slår rot i språket, er avhengig av om vi som språkbrukarar tek dei i bruk. 

Nyord vert ofte danna ved samansetjingar av eksisterande ord. Andre nyord vert danna av avleiingar, forkortingar osb. Ein god del nyord kjem frå andre språk, anten som omsetjingslån eller direkte lån. Dei kan også vere tilpassa norsk uttale. Mange ord endrar også tyding, t.d. metaforar. 

Norsk har alltid lånt ord frå andre språk. Til dømes har ord frå lågtysk og frå nabospråka våre dansk og svensk utgjort ein stor del av lånorda i ulike periodar. I dag får vi dei aller fleste lånorda våre frå eller via engelsk. 

Kva gjer Språkrådet 

Språkrådet har som ei av oppgåvene sine å observere språkutviklinga i Noreg. Ein del av observasjonen er å følgje med på utviklinga av nyord. Språkrådet har ikkje til oppgåve å lage nye ord sjølv, heller ikkje å godkjenne nye ord som kjem inn i språket. Når eit nyord er brukt så mykje at det kan kome inn i ordbøkene, er det Språkrådet si oppgåve å bestemme korleis vi skal stave og bøye det. Dette arbeidet er ein del av det vi kallar språknormering. 

I arbeidet med aktiv språkplanlegging og nyordlaging deltek Språkrådet på desse felta: 

  • Terminologiutvikling 
    • Fagmiljøa sjølve utviklar termar. Språkrådet oppmodar og koordinerer arbeidet. 
  • Sensitive ord 
    • Språkrådet tilrår eller frårår ord. Det kan oppstå nye nemningar for ord som av ulike grunnar blir oppfatta som utdaterte. 
  • Offentlege stillingstitlar 
    • Språkrådet kan kome med eigne framlegg, men tek helst stilling til framlegg frå andre aktørar. 

Språkrådet får mange tips om nyord frå publikum. I tillegg går vi systematisk gjennom nyordsveksten når vi kårar årets ord mot slutten av kvart år. 

Utvalde artiklar om temaet nyord

Fant du det du lette etter?