Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Nye reglar: samsvarbøying av perfektum partisipp


Etter at Kulturdepartementet godkjende den nye rettskrivinga for nynorsk, har reglane for samsvarbøying av perfektum partisipp vorte endra. Departementet har godkjent ein ny ordlyd for framlegget i punkt 3.5.1 side 208 «Samsvarbøying av perfektum partisipp i predikativ stilling». Teksta i punkt 3 er endra.

Den nye ordlyden er slik:

Det skal framleis vera samsvarbøying i partisipp av sterke og svake verb, men det er òg mogleg å la vera å samsvarbøya partisipp av svake verb i predikativ stilling.

Systemet for samsvarbøying av partisipp blir dermed slik:

1 Svake perfektum partisipp i predikativ stilling kan anten ha samsvarbøying eller stå i supinum:

Pakken er løynd/løynt.
Resultatet er løynt.
Dei er løynde/løynt.

Han er presentert.
Det er presentert.
Dei er presenterte/presentert.

2 Sterke perfektum partisipp skal ha obligatorisk samsvarbøying i predikativ stilling:

Fisken er frosen.
Vatnet er frose.
Bollane er frosne.

3 I attributiv stilling (rett framfor eit substantiv) skal både svake og sterke partisipp ha samsvarbøying:

ein løynd pakke
eit løynt resultat
løynde pakkar

ein frosen kjøtdeig
eit frose brød
frosne bollar

Fant du det du lette etter?