Normering av nynorsk og bokmål
Normering er å fastsetje kva som er gjeldande rettskriving. Språkrådet kan gjere vedtak som gjeld normene for nynorsk og bokmål.
Normering er å fastsetje kva som er gjeldande rettskriving. Språkrådet kan gjere vedtak som gjeld normene for nynorsk og bokmål.
Normeringsvedtak kan gjelde skrivemåte og bøying av nye ord som kjem inn i språket, eller endringar i skrivemåte og bøying av ord som har normert form frå før. Reglar for teiknsetjing og andre skrivereglar kan òg endrast.
Normer finn vi i alle språk og i alle lag av språket. For talemålet er normene ofte ikkje eksplisitt uttrykte nokon stad, men språkbrukarane følgjer dei likevel utan å tenkje over det. Dei offisielle normene for nynorsk og bokmål gjeld berre skriftspråk, og dei regulerer med få unntak berre skrivemåte og bøying av ord. Rettskriving og bøying er sentrale og identitetsskapande kjennemerke på eit skriftspråk. Normene for nynorsk og bokmål gjer kvart av desse skriftspråka einskaplege nok til at dei kan kjennast att frå tekst til tekst. Normene reflekterer både skrifttradisjonane og variasjonsrikdomen i det norske språket.
Dei normene nynorsken og bokmålet har i dag, blei fastsette ved dei siste større rettskrivingsreformene, for bokmål i 2005 og for nynorsk i 2012. Dei overordna retningslinjene for normeringa er forankra i Stortinget. Den gjeldande språkpolitikken legg til grunn at dei to skriftspråka skal normerast kvar for seg på sjølvstendig grunnlag. Eit anna hovudprinsipp er at normene i store trekk skal liggje fast. Det er altså ikkje aktuelt med større rettskrivingsreformer med det første. Likevel kan Språkrådet gjere normeringsvedtak dersom faktisk språkbruk eller sterke systemomsyn tilseier det. Meir gjennomgripande endringar må godkjennast av Kultur- og likestillingsdepartementet.
Fagrådet for normering og språkobservasjon er det organet i Språkrådet som greier ut konkrete normeringssaker. Fagrådet har seks medlemmer, tre for bokmål og tre for nynorsk. Leiar og nestleiar i fagrådet høyrer til kvar si målform og alternerer annakvart år. Etter handsaming i fagrådet blir framlegg til rettskrivingsvedtal sende på allmenn høyring, og etter høyringa blir framlegga lagde fram for styret i Språkrådet. Når eit vedtak er fatta, blir standardordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka oppdaterte i tråd med vedtaket så snart som råd.