Undersøkingar og forsking
Her finn du relevante undersøkingar om språk i lover og andre juridiske tekstar. Tips oss gjerne dersom du kjenner til fleire.
Her finn du relevante undersøkingar om språk i lover og andre juridiske tekstar. Tips oss gjerne dersom du kjenner til fleire.
Departementstilsette meiner at lover og forskrifter skal være forståelege for folk flest, og ønskjer å lære meir om godt lovspråk. Dette kjem fram i ei spørjeundersøking som Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT, no Digitaliseringsdirektoratet) gjennomførte i departementa i 2017.
Last ned rapportar frå undersøkinga:
Kvantitativ rapport (193 respondentar frå alle departementa) (pdf)
Kvalitativ rapport (seks toppleiarar) (pdf)
I 2015 fekk Oxford Research i oppdrag å kartleggje språket og strukturen i fire utvalde lover. Oppdraget gjekk òg ut på å kartleggje korleis folk forstod dei fire lovene, og korleis lovene fungerte i praksis.
Last ned rapporten frå undersøkinga (pdf)
I 2015 gjennomførte NTNU eit prosjekt om juridiske tekstar i eit verksemdsperspektiv.
Prosjektet vart utført på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Prosjektet var eit samarbeid mellom forskarar og studentar ved NTNUs Institutt for språk og litteratur (ISL) og Program for lærarutdanning (PLU).
Les rapporten Klart lovspråk? Juridiske tekster i et virksomhetsperspektiv (tilgjengelig etter bestemte villkår)
I desember 2011 gjennomførte Synovate ei spørjeundersøking på oppdrag frå prosjektet «Klart lovspråk». Føremålet var å kartleggja korleis befolkninga ser på lover og forskrifter.
Last ned resultata frå undersøkinga:
Hovudrapport (pdf)
Delrapport 1 (pdf)
Delrapport 2 (pdf)
Delrapport 3 (pdf)
Delrapport 4 (pdf)
Språket i lover og forskrifter er ikkje klart nok. Det er konklusjonen i rapporten Kan lovspråk temmes?, som vart lagd fram 29.1.2013. Rapporten gjeld ei undersøking som er gjennomført av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I rapporten kjem Difi med framlegg om fleire tiltak, mellom anna nye rutinar for å sikre betre språk i regelverk.
Målet med undersøkinga var å finne ut kva som hindrar klart språk i lover og forskrifter, og korleis saksbehandlarar brukar lov- og forskriftstekstar i saksbehandlinga. Undersøkinga er avgrensa til dei tre forvaltningssektorane arbeid, pensjon og bustad/bygg, og ho vart gjennomført i utvalde departement og direktorat, og dessutan blant saksbehandlarar i regionar eller distriktskontor som brukar regelverket.
I avhandlinga Begriplig EU-svenska? Klarspråksarbetets förutsättningar inom den interinstitutionella översättningsprocessen har språkvitaren Saga Bendegard undersøkt kvifor EU-tekstar blir oppfatta som tyngre enn tilsvarande svenske tekstar. Resultata syner at det trengst ny forsking og tolking av kva som gjer ein tekst forståeleg for ulike menneske i ulike situasjonar.
Les omtale av avhandlinga
Last ned avhandlinga (pdf)
Mange har problem med å forstå juridiske tekstar. Språkbruken til juristane kan oppfattast som vanskelegare tilgjengeleg enn det som er naudsynt. I avhandlinga Juridiska – ett nytt språk? En studie av juridikstudenters språkliga inskolning undersøkjer språkvitaren Ann Blückert kva for språknormer som vert formidla til jusstudentane under utdanninga.
Last ned avhandlinga (pdf)
Wenberg, U. E. 2020. Elevers forståelse av § 9 A-3 i opplæringsloven (avgrensa tilgang)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Staalhane, N. M. 2019. Uavklart lovspråk? En analyse av folketrygdloven § 11-12 med utgangspunkt i begrepene ‘rettssikkerhet’, ‘klart språk’ og ‘skjønnsfrihet’ (avgrensa tilgang)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Mohseni, M. H. 2019. Språklige valg ved gjennomføring av barnekonvensjonen artikkel 12 i norsk lovgivning
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Carlsen, S. M. B. 2018. Klart lovspråk i helsepersonelloven? - Med vekt på en analyse av praksis fra Helsepersonellnemnda
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Lisiecka, M. M. 2017. Forbrukerens forståelse av «mangel», sammenlignet med det juridiske innholdet av begrepet
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Reichelt, A. 2017. U/klarhet i kontekst: Klarspråklige utfordringer ved gjennomføringen av direktiver
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Elster, M. 2017. Klarspråk på ferie – eit lovgivingsteknisk blikk på den norske gjennomføringa av pakkereisedirektivet og timesharedirektivet (pdf)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Heffermehl, L. T. 2017. En mer forståelig arvelov? – En språkanalyse av forslaget til ny arvelov i lys av prosjektet «Klart lovspråk» (pdf)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Rikter-Svendsen, T. 2017. Lovteksters funksjonalitet i en språklig og kommunikativ sammenheng (pdf)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Wahl, A. 2016. Klarspråkprosjektet: Klart lovspråk, skjønn og rettssikkerhet – En analyse av alderspensjons- og adopsjonsregelverket (pdf)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Havnerås, E. 2016. Å skjønne lovspråk – Ordlyden i opplæringslova § 5-1 første ledd i lys av prosjektet «Klart lovspråk» (pdf)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Stensvand, E. E. 2015. Vanskelege ord i vanskelege tider. Ei oppgåve om språk i arve- og skiftedokument
Masteroppgåve i nordisk språk, Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Aanderud-Larsen, S. E. 2012. Villedende veiledning? Om klarspråkets betydning for forvaltningens veiledningsplikt (pdf)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet
Bangsund, J. E. 2010. Juridisk oversettelse – hvorfor så vanskelig? (pdf)
Masteroppgåve, Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet