Hopp til hovedinnhold

Nettseminar


KS og Språkrådet samarbeider om en rekke nettseminarer om klarspråk. Seminarene er digitale, gratis og åpne for alle.


25. september 2026: Klarspråk i ulike sjangrar

Tid: fredag 25. september klokka 11–12

Her kan du melde deg på nettseminaret. (Trykk på flagget oppe til høgre for å få nynorskversjon.)

Saksframlegg og vedtak er blant dei vanlegaste og viktigaste tekstane i offentleg sektor, og i dette nettseminaret ser vi nærare på desse sjangrane.

Korleis kan vi forklare komplisert juss på ein enkel og klar måte i vedtak? Må vi alltid ha med lange grunngjevingar og informasjon om klagereglane? Korleis skriv vi regelverk som blir forstått og følgt? Jurist Kristin Ryan fortel om korleis Oslo kommune arbeider med regelverk.

På oppdrag frå KS har Menon Economics og NTB Arkitekst gjennomført eit innsiktsarbeid om saksframlegg i kommunesektoren. Rapporten deira viser at språket i saksframlegga er av varierande kvalitet. Vidar Lynghammar frå NTB Arkitekst kjem for å gje oss praktiske skriveråd og smakebitar frå eit nytt e-læringskurs.

Gode saksframlegg er viktige både for dei administrativt tilsette og politikarane. Kommunedirektør Camilla Dunsæd og stortingsrepresentant Hashim Abdi reflekterer rundt verdien av gode avgjerdsgrunnlag.

Nettseminaret er gratis og ope for alle. Det blir lagt ut på nett etterpå.

Program

  • Klarspråk møter juss – korleis skrive reglar og vedtak som folk forstår ved Kristin Ryan, jurist i Oslo kommune
  • Slik skriv du eit godt saksframlegg ved Vidar Lynghammar, NTB Arkitekst
  • Refleksjonar frå Camilla Dunsæd, kommunedirektør i Kristiansand kommune
  • Refleksjonar frå Hashim Abdi, stortingsrepresentant (Ap)

Opptak av tidlegare nettseminar

Kontaktperson

Sigrid Sørumgård Botheim

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.