Hopp til hovedinnhold

Klarspråksprisane

Prisane skal påskjøne godt, klart og brukarvenleg språk i offentleg sektor.


Klarspråksprisane er forvaltningsprisar som er eigde av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). Prisane blir delte ut av statsråden i DFD ein gong i året.

No kan du nominere verksemder til klarspråksprisane

Klarspråksprisane består av éin hovudpris for staten og éin hovudpris for kommunar og fylkeskommunar. Tidlegare har kvar pris gått til éi verksemd åleine. No har DFD oppdatert retningslinene og opna for at samarbeid om klarspråk mellom fleire offentlege organ også kan påskjønast. I retningslinene kan du lesa meir om samarbeid mellom fleire offentlege organ.

Vil du nominere di eiga verksemd, fyller du ut skjemaet som ligg nedanfor her. Vil du nominere ei anna verksemd, skriv du til ssb@sprakradet.no, slik at vi kan kontakte verksemda direkte. Frist: 15. mai 2026

Hovudprisen for staten

Prisen går til eit statleg organ som har utført eit målretta og ambisiøst klarspråksarbeid. Statsorgan betyr i denne samanhengen statlege forvaltningsorgan og helseføretak. Prisen kan også påskjøne eit samarbeid om klarspråk mellom to eller fleire statlege organ.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Hovudprisen for kommunar og fylkeskommunar

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har utført eit målretta og ambisiøst klarspråksarbeid. Prisen kan også påskjøne eit samarbeid om klarspråk mellom to eller fleire kommunar eller fylkeskommunar.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Temaprisen

I tillegg til hovedprisane kan det delast ut ein temapris. Føremålet med temaprisen er å premiere gode resultat på spesielle område.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Digitaliseringsdirektoratet, Språkrådet og KS vurderer fra år til år om det skal delast ut ein temapris.

Årets trekkhund

Utmerkinga «Årets trekkhund» vart delt ut frå 2014 og fram til 2020. Utmerkinga har gått til ein enkeltperson som har gjort ein ekstraordinær innsats i klarspråksarbeidet i forvaltninga. Med denne utmerkinga har eldsjelene blitt heidra. «Årets trekkhund» er ein person som motiverer andre og oppnår gode resultat som pådrivar for eit systematisk klarspråkarbeid.

Juryen

Desse sat i juryen for klarspråksprisane i 2024:

  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (juryleiar), administrerande direktør i Viti
  • Johan Tønnesson, professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo
  • Britt Kristin Ese, kommunikasjonsrådgjevar i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (representant for fjorårsvinnarane)

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.