Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Klarspråksprisane

Prisene skal påskjøne godt, klart og brukarvenleg språk i offentleg sektor.


Klarspråksprisane er forvaltningsprisar som er eigde av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). Prisane blir delte ut av statsråden i DFD ein gong i året.

Hovudprisen for staten

Prisen går til eit statleg organ som har gjennomført ein ekstraordinær klarspråksinnsats, som gjeld både bokmål og nynorsk. Statsorgan betyr i denne samanhengen statlege forvaltningsorgan og helseføretak.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Hovudprisen for kommunar og fylkeskommunar

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har gjennomført ein ekstraordinær klarspråksinnsats.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Temaprisen

I tillegg til hovedprisane kan det delast ut ein temapris. Føremålet med temaprisen er å stimulere til aktivitet på spesielle område.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Digitaliseringsdirektoratet, Språkrådet og KS vurderer fra år til år om det skal delast ut ein temapris.

Årets trekkhund

Utmerkinga «Årets trekkhund» vart delt ut frå 2014 og fram til 2020. Utmerkinga har gått til ein enkeltperson som har gjort ein ekstraordinær innsats i klarspråksarbeidet i forvaltninga. Med denne utmerkinga har eldsjelene blitt heidra. «Årets trekkhund» er ein person som motiverer andre og oppnår gode resultat som pådrivar for eit systematisk klarspråkarbeid.

Juryen

Desse sat i juryen for klarspråksprisane i 2023:

  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (juryleiar), administrerande direktør i Viti
  • Johan Tønnesson, professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo
  • Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord kommune (representant for fjorårsvinnarane)
  • Henning Aarset, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Vestre Viken helseføretak

Fant du det du lette etter?