Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Kan ein eigen ISO-standard gi betre juridiske tekstar?

I 2023 kom verdas første ISO-standard for klart språk. No kjem eit nytt gjennombrot: ein ISO-standard for klart juridisk språk!


AV TORUNN REKSTEN

ISO 24495–2 legal communication utfyller prinsippa som er nedfelte i den første standarden, NS ISO 24495-1 klart språk – styringsprinsipp og retningslinjer. Den nye standarden er for skribentar som vil skrive klare juridiske tekstar, det vil seie all kommunikasjon som kan ha juridiske konsekvensar for lesarane, til dømes lover, kontraktar og vedtak. Standarden forklarer mellom anna korleis ein kan bruke prinsipp og retningslinjer frå ISO 24495-1 i juridiske situasjonar som krev at skribentane skal

  • nå fleire målgrupper med ulike behov
  • bruke visse utformingskrav, til dømes faste oppsett og malar
  • forklare komplekse og nyanserte juridiske omgrep
  • forklare prosessar som lesarane må navigere i for å få rettane sine oppfylte eller for å oppfylle pliktene sine

Kvifor ein eigen standard for klare juridiske tekstar?

Rundt om i verda er det stadig fleire som ser fordelane med klart språk i formidling av juridisk informasjon til dei som har rettar og plikter, og som ikkje er juristar. Standarden spring ut av den gryande interessa for klart juridisk språk. Dette fortel initiativtakaren til standarden, Julie Clement, som er professor emeritus ved Western Michigan University Cooley Law School i USA og leiar for Clarity – ein internasjonal klarspråksorganisasjon som spesialiserer seg på klart juridisk språk.

– Det juridiske språket blir påverka både av rettstradisjonane og av samfunnet rundt. Ganske ofte er fagspråket komplisert og vanskeleg. Somme tider er det vanskelegare enn det treng å vere. Somme tider er det rett og slett vanskeleg å sjå at ei lov, ein avtale, eit enkeltvedtak, eit tiltalevedtak eller eit prosesskriv er nemneverdig prega av klarspråkstankane. Det kan føre til at folk blir ståande på utsida utan å forstå prosessane, utan å ha tilgang til informasjon om kva som skjer i livet deira, og kvifor det skjer, og dermed er dei i praksis utan rettar. Då er det eit paradoks om juristprofesjonen sjølv og det juridiske fagspråket står i vegen for nettopp dei rettane vi eigentleg prøver å fremme, seier Jan Erik Bangsund, som er jurist i Språkrådet og medlem av ISOs arbeidsgruppe for klarspråksstandardar. Det første standardutkastet er no ute til høyring.

Nesten tusen år med (intensjonar om) klare lover

Ideen om eit klart juridisk språk er ikkje ny. Vi har hatt fagspesifikke og sjangerspesifikke klarspråksstandardar og retningslinjer lenge. I Louis Gerhard de Geers rettleiing Om den juridiska stilen frå 1853 var idealet at ein juridisk tekst skulle vere «tydlig, kort, allvarsam, ren ock oprydd».

Dessutan har fleire land hatt klarspråkslovgiving lenge. I Jyske lov frå 1200-talet var idealet at ei lov skulle vere – i vår moderniserte språkdrakt – ærleg og rettvis, toleleg etter sedvanen i landet, høveleg, gagnleg og tydeleg, så at alle kan vite og skjøne kva lova seier.

Den kommande standarden bygger altså vidare på eit langt og godt arbeid. Med denne standarden får juristar og andre skribentar eit påliteleg og internasjonalt fastsett verktøy som dessutan kan vere eit hjelpemiddel når ein skal tolke dei klarspråkspliktene som er nedfelte i nasjonale regelverk, til dømes språklova § 9 eller pasient- og brukerrettighetsloven § 3-5.

Er det i det heile mogleg å skrive ein sånn standard?

Sjølv om jussen på eit overordna nivå har nokolunde same funksjon i ulike kulturar og ulike samfunn, er det mykje som er ulikt og kulturspesifikt. Rettssystema og jurisdiksjonane er ulike, tekstsjangrane er ulike på dei ulike rettsområda, og språka er ulike.

– Før arbeidet byrja, tvilte skeptikarar på om det i det heile var mogleg for fagfolk frå ulike land, ulike rettssystem og ulike juridiske fagfelt å møtast og peike ut felles kriterium for klart juridisk språk. Det er ikkje berre enkelt å finne fram til ein standard som faktisk fungerer. Han må vere overordna nok til å vere universell, og samtidig konkret nok til å vere praktisk. Men no er vi komne så langt i prosessen at vi faktisk veit at det går an, seier Julie Clement.

Alt tyder altså på at det er mogleg å løfte blikket og lage ein internasjonal standard som gir klarspråksprinsippa praktisk bruksverdi for den skrivande juristen og sakshandsamaren.

Ein grundig prosess

Ein standard må gjennom seks fasar med kommentarrundar og avstemmingar før ISO kan fastsette han som offisiell. Det første utkastet til ISO 24995–2 legal communication er utarbeidd av ei gruppe med 125 internasjonale ekspertar, og det blir deretter validert i fleire rundar gjennom ISOs grundige konsultasjonsprosessar i 175 medlemsland over heile verda. Den lange og grundige prosessen styrker standarden fordi mange blir høyrde og får høve til å komme med innspel.

Arbeidet med standarden har nettopp passert ein viktig milestein: Han er send til første kommentarrunde utanfor ISOs arbeidsgruppe. Dei nasjonale standardiseringsorganisasjonane og fleire liaison-organisasjonar har no høve til å sende inn sine tilbakemeldingar. Alle som er medlemmar av Standard Norges komité eller av ein av liaison-organisasjonane, til dømes PLAIN, Clarity eller International Institute for Information Design, skal ha fått invitasjon til å kommentere.

Når kommentarane er komne inn, sit kjernegruppa («drafting committee») som har skrive tekstutkastet som er på høyring, klar til å vurdere dei og jobbe dei inn i eit nytt utkast. Kjernegruppa er oppnemnd av den større arbeidsgruppa til å utarbeide sjølve teksten i standarden. Gruppa består av Julie Clement (USA), Angelika Vaasa (Estland/Luxemburg), Nicole Marie Fernbach (Canada), Karen E. Jacques (Canada), Rob Waller (Storbritannia), Doug Lawrence (Storbritannia), Clément Camion (Canada) og Torunn Reksten (Noreg).

Fant du det du lette etter?