Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

NS-ISO 24495-1 Klart språk – styringsprinsipp og retningslinjer

ISO-standarden for klarspråk gir retningslinjer til skribentar, han er språknøytral og frivillig å ta i bruk. Med denne standarden har vi fått dokumentert kva klarspråk er i dag, og korleis ein kan utforme dokument i klarspråk.


I juni 2023 publiserte den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO) den aller første ISO-standarden for klarspråk, ISO 24495-1 Plain Language – governing principles and guidelines. Standarden tar utgangspunkt i den internasjonale definisjonen som seier at klarspråk er kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår informasjonen og kan bruke han. I standarden er dei fire utheva stikkorda gjort om til styringsprinsipp, og kvart av desse prinsippa har retningslinjer knytt til seg. Retningslinjene viser kva metodar ein kan bruke når ein skal skrive eit dokument i klarspråk.

Retningslinjene seier mellom anna at ein skal ta omsyn til kva lesaren ønsker og treng å vite, om lesaren er interessert og kan noko om emnet frå før, kva lesekompetanse hen har og kva kontekst hen skal bruke teksten i. I praksis seier standarden altså at eit dokument er i klarspråk om innhaldet er relevant og lesaren lett kan finne, forstå og bruke innhaldet.

Standaren er fastsett som ein norsk standard med namnet Klart språk – styringsprinsipp og retningslinjer. Det vil seia at Standard Norge stiller seg bak standarden og tar ansvar for å følgje han opp. Det er bestemt at standarden skal omsettast til norsk.

Skal kunne brukast for alle skriftspråk

Ei internasjonal arbeidsgruppe med ekspertar på klarspråk og tilgrensande fagfelt har utvikla standarden. Dei representerer ei rekke ulike organisasjonar og tilnærmingar til klarspråk. Ekspertane kjem frå 25 land over heile verda, også Noreg, og til saman har dei kompetanse innan 19 språk. Det gjer at standarden skal kunne brukast for alle skriftspråk.

Innhaldet er basert på forsking og empiri. Standarden er utforma etter ISOs prinsipp om konsensus, som slår fast at semje om innhald og formuleringar skal vere siktemålet. Det kan innebere lange prosessar og forhandlingar, men det er med på å sikre at standarden har legitimitet og kan takast i bruk over heile verda.

Sidan standarden skal fungere for alle og overalt, er prinsippa overordna. Det vil framleis vere behov for språkprofilar og retningslinjer som gjeld norsk språk spesielt. Det kan også bli behov for delstandardar med retningslinjer for fagfelt, sektorar, klarspråkstenester, sjangrar e.l. ISO har alt vedtatt at det skal skrivast ein delstandard for juridisk språk (ISO 24495-2).

Her finn du standarden

Standarden kan kjøpast frå nettsidene til Standard Norge. ISO-standardar kostar pengar fordi ISO ønsker å sikre at standardane er nøytrale og å kompensere for kostnadene ved å utvikle dei. Verksemder kan ikkje ISO-sertifisere seg etter denne standarden.

Les meir om ISO-standarden

«The ISO Plain Language Standard» (ekstern lenke til International Plain Language Federation)

«ISO-standarden för klarspråk ger både konkreta riktlinjer och status» (ekstern lenke til nettstaden Språkbruk)

Fant du det du lette etter?