Fornya satsing på dei nasjonale minoritetsspråka i Sverige
Den svenske regjeringa gjev 20 millionar kroner til språksentrum for dei nasjonale minoritetsspråka i Sverige.
Den svenske regjeringa gjev 20 millionar kroner til språksentrum for dei nasjonale minoritetsspråka i Sverige.
Mellom 2022 og 2024 har Institutet för språk og folkminnen (Isof) hatt i oppdrag å etablere språksentrum for dei nasjonale minoritetsspråka finsk, jiddisch, meänkieli, romani og romanes (i den svenske språklova blir romani og romanes omtala som eitt språk, under namnet romani chib).
Stoda for den vidare finansieringa av språksentera har vore usikker, men rett før jul i 2024 vart det kunngjort at regjeringa vil vidareføre drifta av språksentera. I 2025 får språksentera 20 millionar kroner.
– Det er svært positivt for dei nasjonale minoritetsspråka at oppdraget med å revitalisere språka og fremja bruken av dei held fram. Vi ser at utviklinga av og tilgangen til språka er eit aktuelt og levande tema, seier Harriet Kowalski, avdelingssjef ved Isof.
– I 2025 kjem vi til å byggje opp den nye organisasjonen, rekruttere medarbeidarar og vidareføre mykje av arbeidet vi utførte mellom 2022 og 2024. Akkurat nå har vi lyst ut stillingar for språkfremjarar med kompetanse i eitt av minoritetsspråka i kombinasjon med erfaring frå språkrevitaliseringsarbeid, seier Kowalski.
Hovudoppgåva til språksentera er å gje kunnskap og støtte slik at språkbrukarane kan halde på, ta attende og utvikle språket sitt. I den svenske minoritetslova og den svenske språklova finst det ei rekkje føresegner som gjeld nasjonale minoritetar og minoritetsspråk. Isof har ansvar for å følgje opp språklova, medan Länsstyrelsen og Sametinget har ansvar for å følgje opp minoritetslova.
Barn og unge er prioriterte
Dei langsiktige måla til språksentera er å auke bruken av dei nasjonale minoritetsspråka både på individnivå og i samfunnet og å leggje til rette for at språka og kulturen blir overførte frå ein generasjon til den neste.
– Innsatsen vår rettar seg spesielt mot barn og unge. Og så er det viktig for oss å arbeide saman med språkbrukarane og å lytte til dei når dei melder ifrå om behov i dialogen med oss, seier Kowalski.
Isof er eit svensk statsorgan som samlar inn, byggjer opp og spreier kunnskap om språk og kultur i Sverige. Isof har fem ulike avdelingar. Avdelinga for nasjonale minoritetar og svensk teiknspråk er éi av dei, det svenske Språkrådet er ei anna.
Norsk språkpolitikk for minoritetsspråka
I Noreg er arbeidet med dei nasjonale minoritetsspråka organisert på ein litt annan måte enn i Sverige. Medan Isof har ansvar både for å følgje opp språkpolitikken og å drive røkt av dei nasjonale minoritetsspråka, er desse oppgåvene meir spreidde i Noreg.
– Språkrådet har ikkje eit formelt ansvar for sjølve språkutviklinga, men vi er pådrivarar for språkstyrkingstiltak. Språkutviklinga og språkrøkta er meir desentralisert og tettare på språkbrukarane. Det er Kvensk institutt og Kvensk språkting som står for røkt og utvikling av kvensk. Det finst òg fleire kvenske språksenter, men dei har tradisjonelt vore finansierte gjennom tilskotsordningar, ikkje gjennom fast finansiering. Vi har ikkje like etablerte strukturar for romanes og romani, men jobbar for å styrkje dokumentasjonen av desse to språka, seier Margrethe Kvarenes, avdelingsdirektør i Språkrådet.
Etter at rapporten frå Sannhets- og forsoningskommisjonen vart lagd fram, har Stortinget gjort ei rekkje vedtak som skal styrkje dei nasjonale minoritetsspråka.
– Dette gjev håp for framtida til alle dei nasjonale minoritetsspråka. Ut frå oppdraget til Språkrådet meiner vi det er særleg viktig å få til ei nasjonal satsing på gjennomgåande språklæring i kvensk, frå barnehage til vaksenopplæring. Det har Stortinget nå vedteke, seier Kvarenes.
Både i Noreg og Sverige er det Sametinget som har ansvar for dei samiske språka.