Kort sagt blir da berre brukt om samanhengande periodar i fortid og einskildhendingar i fortid (medrekna historisk presens). Elles er det når som rår.
Denne skuleregelen gjeld for fortid:
Den gong da, kvar gong når.
Når du skal fortelje om noko som skjedde éin gong, i fortida, bruker du da:
Merk at du må sjå på verbet i leddsetninga som blir innleidd med da/når:
Det avgjerande her er at «eg» budde éin gong, altså i ein samanhengande periode, ikkje at «eg» gjekk fleire gonger på kino!
Er det tale om repetisjon i leddsetninga, er det styrande. Det må bli når nedanfor, sidan alltid tyder på at han kom på besøk fleire gonger:
I desse døma med presens handlar det om vane, og «når» gir seg sjølv:
(Andre reglar gjeld for såkalla historisk presens.)
«Når» er òg det opplagde valet i futurum, anten det handlar om éin eller fleire gonger: