Hopp til hovedinnhold

Terminologi – kva og kvifor

Ifølgje språklova har offentlege organ ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Dette inneber blant anna at dei skal medverke til utvikling av terminologi på norsk. Men kva er eigentleg terminologi, og kva tyder det å arbeide godt med terminologi? Dette kan du lese om på denne sida, og i tillegg finn du ei liste over kva verksemder har å tene på godt terminologiarbeid.


Kva er terminologi, og kvifor er terminologi viktig?

Terminologi kan tyde 1) ei samling eller eit system av termar, 2) læra om termar. Ein term er eit fagord eller faguttrykk som har ei fast avgrensa tyding. Tydinga (tankeinnhaldet) til ein term kallar vi eit omgrep (bokmål: begrep). Denne sida handlar om terminologi i tyding 1.

Termane er byggjesteinane i fagspråket. Utan fagspesifikke termar er det nesten uråd  å formidle fagleg kunnskap. Eit moderne samfunn er avhengig av velfungerande terminologi på alle fagområde.

Terminologi er òg viktig i offentleg sektor. Ryddig terminologi er eit vilkår for effektiv kommunikasjon både i og mellom offentlege organ. Det er òg ein føresetnad for god kommunikasjon med innbyggjarane, som har krav på klar og presis informasjon.

Kva ansvar har offentlege organ for norsk terminologi?

Føremålsparagrafen i språklova seier at offentlege organ har ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk. I stortingsproposisjonen der språklova vart lagd fram, er det merknader til dei enkelte paragrafane, og i merknadene til føremålsparagrafen står det at ansvaret for å utvikle norsk også omfattar terminologiutvikling på norsk.

Kva er godt terminologiarbeid?

Terminologiarbeid i ei offentleg verksemd kan ta mange former, og det fungerer best når det er innlemma i andre aktivitetar i verksemda. Lista nedanfor viser kva godt terminologiarbeid inneber i praksis innanfor ulike område. Jo fleire av punkta ei verksemd kan krysse av for, desto betre står det til med terminologiarbeidet.

Terminologi i skriving og klarspråksarbeid

  • Dei som skriv for verksemda, held seg mest mogleg til dei same termane og dei same tydingane.
  • Terminologien blir heile tida vurdert, diskutert og utvikla.
  • I større skriveprosjekt (som arbeid med lover, rettleiarar, NOU-ar osv.) er terminologi eit fast punkt tidleg i prosessen. Ein sørgjer for at terminologien er klar og konsistent, avgjer kva termar som skal brukast, og finn ut kva som eventuelt må forklarast.
  • Alle medarbeidarane veit at presis og eintydig terminologi er ein føresetnad for klart språk, og at det ikkje er ein motsetnad mellom klarspråk og fagspråk.
  • Arbeidet med å sikre klar og eintydig terminologi er innlemma i arbeidet med klarspråk i verksemda.
  • Når ein brukar termar som ikkje er allment kjende i målgruppa, utstyrer ein dei med forklaringar i parentes eller i særskilde tekstboksar eller ordlister.

Utvikling og tilgjengeleggjering av terminologi

  • Termane som er relevante for verksemda, er allment tilgjengelege i termbasar eller termlister. Verksemda medverkar til utviklinga av slike basar/lister om det trengst.
  • Norsk terminologi blir utvikla på både bokmål og nynorsk.

Terminologi og utvikling av offentleg sektor

Norsk terminologi i møte med engelsk

  • Medarbeidarane veit at verksemda har ansvar for å bruke norske termar.
  • Verksemda er pådrivar for å få etablert norske termar der dei manglar. På område der verksemda er fagleg autoritet, lanserer ho sjølv forslag til norske termar, eventuelt i samarbeid med andre fagmiljø.

Kvifor løner det seg med godt terminologiarbeid?

Dersom du treng argument for at godt terminologiarbeid løner seg, finn du dei viktigaste i denne lista:

  • Presis og eintydig terminologi gjev meir effektiv kommunikasjon. Ein bruker mindre tid på mistydingar og avklaringar, og det blir lettare å setje seg inn i nytt fagstoff.
  • Velfungerande terminologi er ein føresetnad for klart språk. Godt terminologiarbeid skaper opplyste innbyggjarar og legg såleis til rette for at folk kan delta i det offentlege ordskiftet.
  • Velfungerande terminologi er ein føresetnad for presise omsetjingar mellom språk. Skal maskinomsetjing fungere på eit fagområde, må det finnast presis og eintydig terminologi på området.
  • Velfungerande terminologi er ein føresetnad for å lykkast med datadeling og utvikling av offentlege tenester på tvers av offentleg sektor.
  • Velfungerande terminologi er ein føresetnad for at KI-baserte verktøy (som generative språkmodellar) skal kunne produsere tekstar med godt fagspråk.
  • Velfungerande terminologi kan vere avgjerande for å produsere statistikk av høg kvalitet.

Språkrådet rettleier offentlege organ og andre verksemder om godt terminologiarbeid. Kontakt oss på term@sprakradet.no. Du kan òg lese meir om emnet på sida vår om praktisk terminologiarbeid.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.