Hopp til hovedinnhold

Slik får studentar tilgang til norske termar

Skal studentar tileigne seg eit godt og presist norsk fagspråk, må dei ha tilgang til norske termar (dvs. fagord og faguttrykk) i faget sitt. På denne sida har vi samla råd om korleis vitskapleg tilsette i høgare utdanning kan bidra.


Er du vitskapleg tilsett i høgare utdanning, kan du bidra på to måtar til at studentar får tilgang til norske termar i faget sitt: Du kan formidle norske termar til studentane dine i undervisinga, og du kan vere med på å utvikle norske termar saman med fagfellar. Råda nedanfor gjeld båe desse måtane å bidra på.

Undersøk om det finst ein termbase for faget ditt

Først bør du undersøkje om termane i faget ditt er samla i ein termbase i Termportalen – Noregs nasjonale portal for terminologi. I Termportalen kan ein søkje etter norske termar på tvers av ei rekkje fagområde og termbasar. Mange av termbasane blir drivne av grupper av fagfolk (såkalla termgrupper) som ein kan komme med innspel til.

Om det finst ein termbase for faget ditt i Termportalen, bør du gjere studentane dine kjende med han. Om det ikkje gjer det, kan du forhøyre deg om det finst andre termbasar, termlister eller fagordbøker som du kan dele med studentane.

Bidra til utvikling av norske termar i faget ditt

Dersom det ikkje finst ein termbase for faget ditt i Termportalen, bør det norske fagmiljøet på feltet utvikle ein. Kanskje du sjølv kan tenkje deg å vere med på å utvikle norske termar i faget ditt? Norske termar bør utviklast i samarbeid mellom fagfolk, og dei som skal gjere det, bør få opplæring i terminologiarbeid. Etter universitets- og høgskulelova skal norske universitet og høgskular bruke, utvikle og styrkje norsk fagspråk. Dette ansvaret inneber mellom anna at dei skal utvikle norske termar (både på bokmål og nynorsk) og gjere dei tilgjengelege i Termportalen. Ved å bidra til terminologiutvikling hjelper du altså institusjonen din med å etterleve lovverket.

Staben ved Termportalen kan gje råd om korleis fagmiljøet ditt kan opprette ei termgruppe, og dei kan rettleie dykk i arbeidet. På nettsidene til Termportalen finn du kontaktinformasjon og kan lese meir om organisering av terminologiarbeid.

Del termar du brukar i skrivinga di

Om du skriv fagbøker eller andre fagtekstar på norsk og brukar termar som du ikkje finn i termbasar, er det nyttig om du lagar lister over termane. Dersom det finst ei faggruppe som utviklar ein termbase innanfor faget ditt, kan du dele listene dine med den gruppa, slik at gruppa kan vurdere å ta termane med i basen. På den måten gjer du termane du brukar, tilgjengelege for så mange som mogleg. Om det ikkje er noko organisert arbeid med terminologi på fagområdet ditt nå, er termane klare til å bli delte den dagen arbeidet kjem i gang. Staben ved Termportalen kan hjelpe deg med å komme i kontakt med fagmiljø som utviklar terminologi.

Formidling av termar til studentane

Det beste er om alle studentar kan finne termane i faget sitt i Termportalen. Når termane ligg i Termportalen, er dei lett tilgjengelege for studentar og andre som treng dei – og det er lettare å einast om kva for termar ein bør bruke på norsk.

Om Termportalen ikkje har nokon termbase for faget ditt i dag, kan ei mellombels løysing vere at du lagar eigne lister med dei viktigaste termane på engelsk og norsk i emna du underviser i.

Hugs at slike lister bør innehalde termar på både bokmål og nynorsk. Ei norsk termliste er ikkje komplett utan termar på båe dei norske skriftspråka.

Skal du lage termlister, er det sjølvsagt bra om du kan samarbeide med kollegaer. Du bør òg dele listene dersom det kjem i gang ei termgruppe innanfor faget ditt. Arbeidet med termlister inspirerer deg dessutan kanskje til å opprette eller bli med i ei termgruppe? I så fall kan du ta kontakt med staben ved Termportalen for å få rettleiing. Dersom du lagar termlister på eit felt der det manglar norske termar, er det greitt om du kjem med framlegg til termar sjølv, men du bør drøfte framlegga med kollegaer om du kan. Du bør òg formidle til studentane at det er nettopp framlegg. Framlegga kan ikkje reknast som innarbeidde termar før dei har fått ei viss tilslutning i fagmiljøet.

Tips til undervisninga

Studentane kan få betre læringsutbytte om du gjer termane i faget til eit tema i undervisninga. Du kan til dømes rette merksemd mot enkelte termar etter kvart som dei blir aktuelle, eller du kan ta for deg system av relaterte termar saman med studentane. Når du skal gjere studentane kjende med nye omgrep i faget, kan det vere lurt å vise fram dei engelske og dei norske termane samstundes. Dersom du underviser i eit emne der det manglar norske termar, kan du drøfte med studentane kva termar som kan passe på norsk. Slike drøftingar kan vere ein god måte å rette merksemd mot viktige omgrep i faget på.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.