Mellom fagleg ekspertise og lokaldemokrati

Stadnamna våre er ein felles kulturarv. Samtidig er dei uttrykk for lokal identitet og tilhøyrsle. I ei ny doktorgradsavhandling kjem det fram korleis denne spenninga ligg i sjølve grunnlaget for regelverket på stadnamnfeltet.
«Navn, normering og nasjon: skriftnormering av stedsnavn som styringsteknologi» er tittelen på avhandlinga som Ingvil Nordland disputerte med i starten av mars 2026 ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Nordland arbeider i det daglege med forvaltning av stadnamn i Språkrådet.
Kva var grunnen til at du ville forske på stadnamn?
– Det er eit felt eg har studert, forska på og arbeidd med sidan 2003. Som ung student starta eg på juss, men gjekk over til nordisk etter kvart. På det fyrste semesteret på nordisk tok eg eit innføringsemne i namnegransking utan å ha nokon tankar om kva eg skulle med det. Men der fann eg koplinga mellom språk og juss. Da vart det klart for meg kva eg ville skrive masteroppgåve om, og kva eg ville arbeide med.
Regelverk i endring
Stadnamnlova vart vedteken i 1990 og har sidan vorte endra tre gonger. Nordland ynskte mellom anna å undersøkje kvifor regelverket har vore såpass utstabilt. For å koma til botns i dette måtte ho gå heilt attende til 1830-talet.
– Eg måtte gå såpass langt attende i tid for å sjå kva premiss som ligg til grunn for regelverket som gjeld i dag. Eg har lese meg gjennom ei heil rekkje med styringsdokument og språkhistoriske verk og mykje faglitteratur. Da har eg funne ut at det gjeldande regelverket kviler på dei same premissane som det gjorde i nasjonsbyggingstida.
Nordland har studert styringsdokument over lang tid for å finne ut kva problem regelverket prøver å løyse. Det som blir presentert som ei løysing, seier implisitt også noko om kva ein meiner er problemet. Nordland skriv i avhandlinga at vi kan sjå tre problemrepresentasjonar: Fyrst har vi ein postkolonial periode der vi skulle byggje nasjonen etter dansketida. Etter kvart fekk vi ein målpolitisk periode med nynorsk i vekst. Til slutt har vi ein kulturpolitisk periode der stadnamn blir sett på som kulturminne vi skal ta vare på.
– Dei tre problemrepresentasjonane er eigentleg ei forskyving av det same problemet, der ein har funne nye måtar å legitimere dei same løysingane på. Når nasjonsbyggingsfasen var mindre relevant, kunne ein finne nye argument i målsaka. Og når målpolitikken vart meir svekt, kunne ein finne nye argument i kulturpolitikken.
Stadnamn er både immateriell kulturarv og praktiske referansar, og denne dobbeltheita skapar utfordringar.
Ingvil Nordland
Kva er nedervd lokal uttale?
Stadnamnlova seier at skrivemåten av eit stadnamn i regelen skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Nordland meiner at vi treng å sjå nærare på omgrepet «nedervd».
– Kva er eigentleg nedervd lokal uttale? Og kva blir eigentleg rekna som norsk språk? Lova legg opp til at nokre delar av språkhistoria er meir ekte og genuine enn andre, og at «gullstandarden» for norsk språk – og dimed norske stadnamn – ligg noko attende i tid. Dimed blir det også ganske få ekspertar som kan tolke lova riktig.
Kvifor blir det ofte konfliktar i namnesaker?
– Dei same konfliktane kjem attende sjølv om regelverket blir revidert, fordi konfliktane ofte spring ut frå spenningar i sjølve grunnlaget for regelverket. Stadnamn er både immateriell kulturarv og praktiske referansar, og denne dobbeltheita skapar utfordringar.
Viktig å vurdere korleis lovverket fungerer
Nordlands doktorgrad er ein offentleg sektor-ph.d., som er eit samarbeid mellom Nordland sjølv, Språkrådet og NMBU. Forskingsrådet og Språkrådet har finansiert halvparten av prosjektet kvar, medan Språkrådet eig prosjektet. Avdelingsdirektør Daniel Ims, som har vore leiar for prosjektet, seier at dette er det fyrste doktorgradsarbeidet om stadnamn i Noreg på lang tid.
– Denne nye kunnskapen om stadnamnlova er viktig, og det er noko vi vil trekkje inn i arbeidet vårt i Språkrådet. Vi må vurdere sider ved våre eigne arbeidsmetodar, og vi må vurdere korleis lovverket fungerer i praksis. Språkrådet kan ikkje endre lova, men vi kan rapportere om erfaringane våre til departementet.
Ims fortel at mykje av forskinga på stadnamn handlar om tolking av namn. Det nye med Nordlands avhandling er at ho ser på lovverket og dei ulike interessene som finst på stadnamnfeltet.
– Alle som arbeider på stadnamnfeltet, bør setja seg inn i avhandlinga. Funna er svært relevante for Språkrådet, Kartverket og dei ulike forskingsmiljøa.
Kva må til for å endre på konfliktlinene i stadnamnforvaltninga?
– Konfliktlinene er nok der uansett, for det er ulike interesser på stadnamnfeltet. Det ligg ei makt i det å vedta namn. Det er som andre statusområde i samfunnet: Det vil vera konflikt rundt alt som har ein verdi. Men ein kan alltid dempe konfliktane ved å ha ei forståing for at det finst ulike syn, avsluttar Ims.
Språkrådet gir råd om skrivemåtar av stadnamn. Det gjeld både norske og kvenske stadnamn. Det betyr at alle statlege, fylkeskommunale og kommunale organ skal leggje fram namnesaker for Språkrådet før dei vedtek skrivemåten. Dei tilrådingane Språkrådet gir i slike saker, byggjer på gjeldande rettskrivingsprinsipp. Språkrådet gir dessutan rettleiing om namneskikk og namnsetting generelt og kan uttala seg om bruk av stadnamn.