Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Krympflasjon er årets ord 2022


Mange har opplevd 2022 som året da alt vart så dyrt. Årets ord samanfattar på slåande vis den sterke prisauken på ulike varer som vi har sett i det siste.

Ordet krympflasjon blir brukt når innhaldet i eller storleiken på ei vare blir mindre medan prisen står stille eller aukar. Det er ein måte å kamuflere prisstiginga på, slik at ho verkar mindre enn ho faktisk er.

– Fenomenet er gamalt, men ordet er nytt. Det er eit såkalla teleskopord som er sett saman av delar av andre ord. Her er grunnlaget krympe og inflasjon. Ordet er altså danna av etablerte norske ord. Det engelske shrinkflation er laga etter same mønsteret, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Politisk potente ord

Fleire ord med rot i internasjonal politikk har dukka opp på lista over nyord i år. Da Russland gjekk til åtak på Ukraina, begynte mange redaksjonar nærast over natta å bruke skrivemåten Kyiv i staden for Kiev for den ukrainske hovudstaden. Og i samband med mellomvalet til Kongressen i USA vart ordet valfornektar teke i bruk. Fleire av kandidatane til mellomvalet var valfornektarar som skapte tvil om dei ville akseptere valresultatet eller ikkje dersom dei tapte.

– Lista med nyord for 2022 ber preg av at det er urolege tider i verda, med krig, økonomi i nedgang og demokrati under press. Orda speglar alvoret som har prega året, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Økonomi, sjukdom og klima

I år er det femtande gongen årets ord blir kåra; den fyrste kåringa var i 2008. Da som nå var det eit ord som speglar tronge økonomiske tider, som vann: Finanskrise var årets ord i 2008.

– Eitt av kriteria for kåringa er at orda skal vera aktuelle, mykje brukte og levedyktige. Når vi ser attende på årets ord dei siste femten åra, ser vi at mange av orda har stått seg over tid og vorte mykje brukte, seier Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH).

Vi får òg ein peikepinn om kva som har vore viktige tema i samfunnet, av å lesa lista over årets ord attende til 2008. I tillegg til økonomi er sjukdom (svineinfluensa og koronaen) og klima (det grøne skiftet og klimabrøl) blant temaa som går att.

– Det ser ut til at kriser er ein motor for nyord, anten det er økonomiske kriser, klimakrisa eller pandemiar som råkar oss. Vi treng nye ord for nye fenomen, seier Andersen.

God språkleg kvalitet

Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved NHH. I tillegg til at årets ord skal vera levedyktig, skal det òg ha god språkleg kvalitet. Det er eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk der ein enkelt kan laga nye, gode ord på ulike måtar. I fjor vart sportsvaske kåra til årets ord.

I kåringa blir det blant anna brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå store riks- og regionaviser. Dataverktøyet er utvikla av Knut Hofland i forskingsselskapet Norce.

Ti-på-topp-lista 2022
krympflasjon
valgfornekter/valfornektar
strømsmart/straumsmart
knokehilsen/knokehelsing
Kyiv
grunnrenteskatt
prepper/preppar
flus
hybridkabel
kamikazedrone