«Beredskapsvenn» er årets ord
Årets ord 2024 minner oss om at vi står sterkare saman enn kvar for oss.
Hausten 2024 fekk alle husstandar ein brosjyre frå styresmaktene i posten med råd om korleis vi innbyggjarar skal klare oss sjølve i ei vekes tid dersom ei krise råkar oss. Eitt av råda er å skaffe seg ein beredskapsvenn.
– Ordet beredskap forbind vi med noko alvorstungt, mens venn kan knytast til noko som er nært og kjært. I beredskapsvenn får vi desse førestillingane i eitt og same ord, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.
Tilkaring og exitskatt
På lista over nyord i 2024 finn vi òg ord som tilkaringsindustri, exitskatt, djuphavsgruvedrift og drakedrone. I år som i fjor reflekterer orda at nyheitsbildet er sterkt prega av økonomisaker og konfliktar.
– Det er i stor grad samfunnsutviklinga som avgjer kva for nye ord som kjem inn i språket på ulike fagområde, og ikkje minst kor mange. Under koronapandemien fekk vi mange nye ord, for situasjonen var ny og spesiell. I år ser vi at det har kome inn færre nyord i språket. Økonomi og krig er meir kjende landskap med etablerte vokabular, så behovet for nyord har kanskje ikkje vore like sterkt i år, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.
God språkleg kvalitet
Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved NHH.
– Årets ord skal vera aktuelt, levedyktig og ha høg språkleg kvalitet. Det er eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk med eit stort ordtilfang som lett kan utvidast på gode måtar, seier Andersen.
I kåringa blir det blant anna brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå store riks- og regionaviser. Dataverktøyet er utvikla av Knut Hofland i forskingsselskapet Norce. I fjor vart KI-generert kåra til årets ord.
Slik blir årets ord kåra
Kvart år i desember publiserer Språkrådet ei liste på ti ord som har prega nyhenda gjennom året. Ordet på toppen av lista blir kåra til årets ord. Årets ord må ikkje vere heilt nytt av året. Det kan òg vere ord som har blitt markant meir brukte eller ord som har fått ei ny og aktuell tyding gjennom året.
Les meir om kåringa av årets ord, og sjå liste over tidlegare kåringar
Kontakt:
kommunikasjonssjef Anette Hjerde, tlf. 41 68 30 82