Hopp til hovedinnhold

Er ho nordmann eller nordkvinne?

Spørsmål

Må eg, som er kvinne, kalle meg nordmann, eller kan eg bruke nordkvinne i staden?


Svar

Tydinga til eit samansett ord er ikkje alltid summen av delane. Nordmann kan brukast om folk av begge kjønn. Ingen kan nekte deg å skrive nordkvinne, men ver klar over at det kan verke litt påfallande.

Nynorskordboka definerer nordmann som ‘person som høyrer heime i eller er frå Noreg’. Før vart ordet mann meir nytta i tydinga ‘menneske’, medan t.d. kar fungerte kjønnsspesifiserande. Etter kvart har mann vorte meir innsnevra til ‘menneske av hankjønn’, så det er ikkje rart at somme reagerer mot å bli kalla nordmann.

Det er ikkje noko i vegen for å bruke ordet nordkvinne. Dette ordet er noko brukt, men ikkje så mykje at vi kan seie at det er etablert i norsk allmennspråk. Ofte kan det vere vel så naturleg å bruke uttrykket norsk kvinne. Om ein ikkje vil spesifisere kjønnet, kan ein elles bruke adjektivet norsk aleine, som i «eg er norsk». I mange dialektar har det forresten heitt ein norske, på line med danske og svenske.

Du kan lese meir om kjønn og språk i rettleiinga «Kjønnsbalansert språk» på nettsidene våre.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.