Hopp til hovedinnhold

Bånnski!

Spørsmål

Kva er opphavet til uttrykket bånnski?


Svar

Bånnski er ein særnorsk, liksomrussisk variant av skåling. Det svarar til engelsk bottoms up. Ordet består av bånn (botn) + det «russiske» suffikset -ski utan noko spesielt meiningsinnhald.

Tone Tryti har ei god framstilling av emnet hybridrussisk, eller «makaronisk russisk», i boka Norsk slang (1984).

Bånnski er typisk slang frå andre verdskrigen og tidleg etterkrigstid. Den fyrste som sette ordet på prent, var truleg André Bjerke i Nattmennesket frå 1941 (utan nokon russisk kontekst). Det nest eldste dømet i den digitale samlinga til Nasjonalbiblioteket (på nb.no) er frå ei drikkevise frå krigen:

Bjarne Berulfsen meinte at uttrykket skreiv seg frå mellomkrigstida, og det kan godt hende.

Bånnski er ikkje normert. Hadde det vore eit tradisjonsord i norsk, kunne det ha heitt bonski (med konsonantforenkling). Men i slangen godtek ein av og til overtydelege former som skil seg frå rettskrivinga elles; vi ser det allereie i bånn, som er tillate i visse uttrykk i bokmål.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.