Hopp til hovedinnhold

Sjøkvinne ved sida av sjømann?

Spørsmål

Kan eg nytte sjøkvinne i staden for sjømann om ei kvinne som har gått til sjøs og arbeider til dømes i maskinen på eit skip?


Svar

Sjøkvinne er ikkje eit etablert og allment godteke norsk ord, men du kan saktens nytte det om du vil.

Noko anna ord enn sjømann kjenner vi ikkje til som innarbeidd nemning på ein einskildperson som arbeider om bord. Ein er ofte nøydd til å skrive om for å få fram at det dreier seg om ei kvinne. Ordet sjøfolk kan berre løyse problemet i fleirtal, og ordet sjøfarar har ikkje rett valør.

Ordet sjøkvinne har vore nytta sporadisk i nokre tiår, oftast med retorisk føremål. Det er mest historiske, ikkje grammatiske, grunnar til at det ikkje har fest seg. Her er eit døme på bruk i sakprosa.

Den gravide sjømannen og skipsarbeidstakaren

Regjeringa Stoltenberg II bytte ut ordet sjømann i sjømannslova med «arbeidstaker på skip» mellom anna fordi lova inneheldt permisjonsreglar for «gravid sjømann», sjå denne pressemeldinga og kapittel 7.1. i Prop. 115 L (2012–2013). Lova vart omdøypt til skipsarbeidslova. Men arbeidstakar på skip er ikkje eitt ord, og det er ikkje lett å bruke i alle samanhengar.

Sjøfolk i utenriksfart har protestert, men lova er vedteken.

Ordet skipsarbeidar/skipsarbeider har ei anna historie enn sjømann.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.