Svar
Opphavleg heiter det skuldevne. No brukar ein òg det å vera tilrekneleg og tilreknelegheit.
Skuldevne vart lansert i 1912 som norsk avløysar for tilregnelighed:
(Artikkelen «Rettsmaalet og norsken», Nikolaus Gjelsvik)
Ordet vart teke i bruk i bokmål i 1923 i avhandlinga Den strafferetslige skyldevne (N. Harboe). Der heiter det mellom anna:

Det ser ut til at ordet seinare har fått eit noko anna innhald på bokmål, jamfør straffelova. Om det er rett, har nynorskbrukarar hamna i ei knipe. Fordi «nynorskordet» har vunne fram i bokmål og lever sitt eige liv der, blir nynorskbrukarar nøydde til å bruka det ordet som skuldevne skulle avløysa.
Der ein ikkje kan bruka skuldevne, får ein nytta adjektivet tilrekneleg så langt det høver. Der det verkeleg trengst, kan ein òg bruka substantivet tilreknelegheit.
Sist oppdatert: 13. november 2026