Hopp til hovedinnhold

Medlemskap eller medlemsskap?

Spørsmål

Skal ein skrive medlemskap eller medlemsskap? Det heiter jo medlemsland, så då må det vel bli medlemsskap?


Svar

Nei, det heiter medlemskap, altså utan nokon ekstra s (binde-s).

Medlemsland er ei samansetning av to sjølvstendige ord: medlem + land. Samansetningar får ofte binde-s, og alltid når medlem er førsteledd.

Medlemskap er derimot ikkje ei samansetning av to sjølvstendige ord, for skap kan ikkje stå på eigne bein. Skap i denne tydinga er berre eit såkalla suffiks, som -het og -else. Når vi legg til eit suffiks, heiter det avleiing. Avleiingar får ikkje automatisk den binde-s-en som samansetningar med same fyrsteledd får.

Somme lurer på kvifor det «likevel» heiter fellesskap med to s-ar. Svaret er at vi ikkje har nokon binde-s her heller, men dei to ledda felles- og -skap. Rett nok kjem felles historisk sett av felle (eldre félagi) pluss genitivs-s, men i dag reknar ein felles som eit sjølvstendig ord.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.