(Noen forklaringer er skrevet på bokmål, andre på nynorsk.)
Alta | avleiing til gammalnorsk alpt 'svane', frå først truleg namn på Altafjorden |
Arendal | uvisst førsteledd + dal |
Askim | frå gammalnorsk Askeimr; trenamnet ask + heim. Det nøyaktige tydingsinnhaldet i sisteleddet -heim er noko uvisst, men tydinga kan ha vore 'liggjestad, opphaldsstad' |
Bergen | av gammalnorsk Bergvin/Bjǫrgvin truleg '(beite)enga mellom fjella' |
Bodø | Den gammelnorske forma var Boðin, ei samansetjing med vin ’naturleg eng’ som sisteledd og kanskje boði ’båe, grunnbrott’ som førsteledd. Namnet har tidleg vorte omtydd til å vera samansett med ordet øy som sisteledd |
Brekstad | Førsteleddet Brek- kan komme av eit mannsnamn eller ordet brekke 'bakke'. |
Brevik | same namn som det vanlege gardsnamnet Breivik(a) 'den breie vika'. |
Brumunddal | Førsteleddet er elvenamnet Brumunda, truleg laga med avleiingsendinga -und til ordet brim, som kan vise til susinga av elvevatnet. Elvenamnet tyder da 'den som har mykje skval og brus' |
Bryne | frå gammalnorsk brún 'rand, kant' + vin 'naturleg eng'. |
Brønnøysund | frå gammalnorsk brunnr 'oppkomme, kjelde' + øy + sund. Namnet Brønnøy(a) finst fleire stader i leia langs kysten, og viser ofte at her kunne sjøfarande finne drikkevatn |
Drammen | av gammelnorsk Drafn, som opprinnelig var navn på den innerste delen av Drammensfjorden. Dette navnet er sannsynligvis avledet av elvenavnet Drǫfn, som var det gammelnorske navnet på Drammenselva. Dette elvenavnet kan ha sammenheng med det gammelnorske intetkjønnsordet draf ’drav, avfall’ og det nynorske hunkjønnsordet drevje ’bløt masse’. |
Drøbak | av gammelnorsk Drjúgbakki 'den dryge bakken' |
Egersund | eigentleg namnet på sundet mellom fastlandet og Eigerøya (gammalnorsk Eikund 'øya med mykje eik') |
Elverum | gardsnamn, av gammalnorsk elfr 'stor elv' + heim |
Fagernes | adjektivet fager 'vakker, ven' + nes. |
Farsund | opprinnelig navnet på sundet mellom Farøy og Spindsodden; av far 'ferd, skyss' + sund |
Fauske | frå gammalnorsk Fauskar; truleg ubestemt fleirtal av fauskr 'fausk, morke tre' |
Finnsnes | Førsteleddet kan vere eit fjordnamn eller mannsnamnet Finn |
Flekkefjord | Bynavnet kommer fra navnet på fjorden, og fjorden har navn etter gården Flikka. Gårdsnavnets opphav er usikkert |
Florø (og kommunenamnet Flora) | truleg av gammalnorsk *flóðr el. *flór 'straum, gjennomstrøyming' |
Fosnavåg | førsteleddet kjem frå gammalnorsk Fólgsn 'gøymestad', laga til gammalnorsk fela 'gøyme, løyne' + våg 'fjordbukt'. |
Fredrikstad | oppkalt etter Fredrik 2. |
Førde | Namnet kjem av ordet fjord, gjennom den gammalnorske dativsforma firði |
Gjøvik | av gammelnorsk Djúpvik 'den djupe vika' (gårdsnavn som etter uttalen jø- er blitt feilskrevet gjø-) |
Grimstad | av gårdsnavnet Grøm (av elvenavnet *Gró(a) 'elva som vokser fort') + gammelnorsk stǫð 'stø, landingssted' |
Halden | bunden form av gammalnorsk hǫll el. hallr 'bakke, skråning' |
Hamar | av hamar 'berghammer' |
Hammerfest | av hammer 'bratt bergvegg' og gammelnorsk festr 'sted der en kan feste båter' |
Harstad | av stad og kanskje eit gammalt mannsnamn som førsteledd |
Haugesund | 'sundet ved gården Haugar (flertall av haug)' |
Hokksund | gardsnamnet Haug + sund |
Holmestrand | av holm (her med uviss betydning) + strand |
Honningsvåg | kjem kanskje frå ordet horn eller frå gammalnorsk hunang 'honning' + våg 'fjordbukt' |
Horten | Dette navnet har uviss tolking |
Hønefoss | navn etter Hønefossen, hvis navn igjen er sammensatt av det utolkede gårdsnavnet Hønen + foss |
Jørpeland | kanskje opphavleg *Jǫrpuland samansett med genitiv av eit elles ukjent elvenamn, *Jarpa 'den brune' + land |
Kirkenes | nylaging etter at det vart bygd kyrkje her i 1862. Eldre namn er Pisselvnes og Håkjerringnes. Samisk Girkonjárga, finsk Kirkkoniemi, begge tyder 'kyrkje-nes' |
Kongsberg | grunnlagt av Kristian 4. og gitt navnet Konningsberg |
Kongsvinger | Sisteleddet er bygdenamnet Vinger, som kanskje har vore elvenamn og har samanheng med eit verb *vingra med liknande tyding som nynorsk vingle 'fara hit og dit' og vingse 'stå og svinge'. Her fekk kongen bygd ei festning i 1670- og 1680-åra, derav førsteleddet Kongs- |
Kopervik | Førsteleddet er ikkje sikkert forklart; kanskje kjem det av namnet på eit skjer inne på hamna, Kobbanaglen, der førsteleddet er kobbe 'sel' |
Kragerø | fordanska form av opphavleg Kråkerøy; førsteleddet kan komme frå fuglenamnet kråke eller frå eit ord med tydinga 'hake, vinkel' |
Kristiansand | oppkalt etter og navnsatt av Kristian 4. |
Kristiansund | etter kong Kristian 6., det gamle navnet var Fosna (av gammelnorsk Fólgsn 'gjemmested') |
Langesund | etter eit langt, smalt sund mellom fastlandet og Langøya |
Larvik | av gammelnorsk lagar (genitiv av lǫgr 'vann', her om Numedalslågen) + vik |
Leknes | Gardsnamna Leknes, Liknes og Leiknes finst fleire stader i kystbygdene, og slike stader har truleg vore samlingsplass for leik og dans. Førsteleddet kan òg somme stader komme frå verbet leika 'hvirvle' og sikte til straumforholda. |
Levanger | frå gammalnorsk Lifangr, samansetning med angr 'vik, fjord'. Førsteleddet er uvisst |
Lillehammer | 'den lille hammeren' i motsetning til Storhamar ( = Hamar) |
Lillesand | Til ut på 1600-talet var namnet berre Sanden, til gammalnorsk sandr 'sandstrand', men etter at Kristiansand vart grunnlagd, måtte denne sanden skiljast ut som «den litle» |
Lillestrøm | Ved opninga av Hovudbanen Christiania-Eidsvoll i 1854 låg jernbanestasjonen vestafor Nitelva på garden «Lille Strøm». I 1862 da Kongsvingerbanen kom, vart jernbanestasjonen flytta over til austsida, men namnet følgde med og vart seinare namn på den tettstaden som voks fram her |
Lyngdal | av elvenamnet Lygna som igjen er avleidd av *lugn, med same tyding som gammalnorsk logn 'stille', altså 'den rolege' |
Mandal | av gammalnorsk *Marnardalr, der førsteleddet er genitiv av eit elvenamn |
Mo i Rana | av gammalnorsk mór 'tørr sandslette' |
Moelv | Moelva renn forbi garden Mo og har namn etter denne |
Molde | av gammalnorsk Moldar, fleirtal av mold 'mold, jord' |
Mosjøen | samansetning av gardsnamnet Mo og ordet sjø, her med tydinga 'landingsstaden til ein gard ved sjøen' |
Moss | av gammalnorsk *Mors; opphavleg namn på Mosseelva, truleg med ei tyding som har med deling å gjere |
Mysen | frå gammalnorsk Mysin, samansetning av mosi 'myr' og vin 'naturleg eng' |
Måløy | byen ligg på Vågsøya, den eigentlege Måløy ligg i sundet utanfor. Frå gammalnorsk *Máløy. Førsteleddet har blitt tolka som gammalnorsk mál 'stemne, ting', men kan òg vere gammalnorsk mǫl 'banke av småstein' |
Namsos | 'osen i elva Namsen', tydinga av elvenamnet er uviss |
Narvik | Førsteleddet Nar- er ikkje sikkert tolka. Det kan komme frå skipsnemnet knarr, frå gudenamnet Njord, frå mannsnamnet Narve (gammalnorsk Narfi) eller gammalnorsk nór ’smalt sund’ |
Notodden | av not 'fiskereiskap' + odde 'nes' |
Nærøy | frå gammalnorsk Njarðøy; truleg av gudenamnet Njord |
Odda | 'odden, landtunga' |
Oslo | Etterleddet er det gammelnorske ordet *lo ’engslette ved vann’. Førsteleddet er det gammelnorske ordet áss. Betydningen av dette ordet er omdiskutert, men den språklig sett sikreste forklaringen er ’(hedensk) gud’. Da byen ble flyttet i 1624 fikk den navnet Christiania (senere skrevet Kristiania), mens navnet Oslo ble brukt på det som i dag er Gamlebyen. Etter et stortingsvedtak fikk byen tilbake navnet Oslo fra 1. januar 1925 |
Otta | opphavleg elvenamn, truleg frå gammalnorsk ótta 'skremme' og ótti 'redsle', namnet kan tyde 'den skremmande' |
Porsgrunn | av plantenamnet pors og gammalnorsk grunnr, 'grunn, botn' eller grund 'flat mark, grasslette' |
Risør | trolig av gammelnorsk hrís 'krattskog' + øyer |
Rjukan | opphavleg namn på Rjukanfossen, gammalnorsk Rjúkandi, til rjúka 'ryke' |
Røros (bergstad) | 'osen i elva Røa', Røa har trolig med fargen rød å gjøre |
Sandefjord | av sandar (flertall av gammelnorsk sandr 'strandstrekning') + fjord |
Sandnes | av gammelnorsk sandr 'sandstrekning' + nes |
Sandnessjøen | gardsnamnet Sandnes + sjø 'landingsplass ved sjøen for ein gard' |
Sandvika | tyder 'den sandute vika' og er eit mykje vanleg stadnamn |
Sarpsborg | av gammalnorsk Sarpr (fossenamn med uviss tyding) + Borg (det gammalnorske namnet på byen) |
Sauda | truleg frå gammalnorsk *Sauðar, som berre er kjent frå stadnamn, men må ha samanheng med gammalnorsk sjóða 'sjode, koke'. Eintalsformen *sauðr kan ha vore brukt om 'sydande' vatn |
Ski | frå gammalnorsk skeið, truleg i tydinga 'bane til kapplaup eller kappriding'. Kan i nokre høve tyde 'gardsveg mellom åkrar' o.l. |
Skien | Namnet er opphavleg eit elvenamn. Det kan ha samanheng med det nynorske ordet skie ’vedskie, del av kløyvd stokk’ eller det kan vere ei eldre tyding ’dele, skilje’ som ligg til grunn |
Skudeneshavn | førsteleddet kjem frå gammalnorsk skúta 'bergvegg som skyt fram' |
Sortland | frå gammalnorsk S(v)ortuland, som truleg har til førsteledd eit elvenamn laga til adjektivet svart |
Stathelle | førsteleddet er uvisst, kanskje frå gammalnorsk staðr 'stansing'. Etterleddet er gammalnorsk hella 'flatt berg, høveleg til å laste skip attmed' |
Stavanger | av gammelnorsk stafr ’stav’ og angr ’vik, fjord’ |
Stavern | frå gammalnorsk Staferni, laga av stafr 'stav' og avleiingsendinga erni. Om tydinga av stav kan det ikkje seiast noko sikkert |
Steinkjer | sammensatt av stein og gammelnorsk ker ’kjer, kar’, brukt om demning eller brokar av stein |
Stjørdal | førsteleddet er eit eldre namn på hovudelva Stjørdalselva, gammalnorsk truleg *Stjór. Dette er utolka, men heng kanskje saman med stammen stjór- som vi finn i gammalnorsk stjórn 'styring' |
Stokmarknes | tyder truleg skog eller mark der det kan hoggast tømmerstokkar |
Stord | frå gammalnorsk Storð; opphavleg øynamn med usikker tyding. Kan høre til ein ordkrins *ster- 'vera stiv, rage opp', som sikter til høge fjell. Kan også tyde 'ungskogen, krattskogen', identisk med gammalnorsk storð 'ungrenning, ungvokster (om skog)' |
Svelvik | frå gammalnorsk Sverðvík. Førsteleddet er uvisst, går kanskje tilbake på eldre *Sverfð- til gammalnorsk sverfa 'kvervle, gå i ring', eller ei allmenn tyding 'straum', ei anna tolking er 'boge' om kystlina på Hurumlandet |
Svolvær | truleg frå gammalnorsk *Svǫlver, av eldre *Svalver, samansetning av gammalnorsk svalr 'sval, kjølig' og ver 'fiskevær' |
Tromsø | av Troms (har kanskje med strøm å gjøre) + øy |
Trondheim | 'trøndernes heim' |
Tvedestrand | førsteleddet er gårdsnavnet Tveite, som igjen kommer av tveit ’mindre jordstykke’ eller ’gressflekk mellom skog eller berg, slåtteland i skogen’ + strand |
Tønsberg | av gammelnorsk Túnsberg av tún 'inngjerdet sted', i denne sammenhengen trolig i betydningen 'borg' + berg (jf. Slottsfjellet) |
Ulsteinvik | frå gammalnorsk Ulfsteinn, eit opphavleg fjellnamn. Førsteleddet er anten dyrenamnet ulv eller eit elvenamn *Ulva avleidd av fjellnamnet |
Vadsø | av Vadsøya (gammelnorsk *Vatsøy); navnet Vassøya fins flere steder langs kysten, det sier at her fins vann å drikke |
Vardø | av varde + øy, i gammelnorsk tid var navnet Vargøy med vargr 'ulv, røver, fredløs person' som førsteledd |
Verdalsøra | førsteleddet må vere eit gammalt namn på Verdalselva, gammalnorsk *Ver, med tyding 'still, roleg' |
Vinstra | elv i Øystre Slidre/Nord-Fron som har gjeve namn til byen. Tyder truleg 'den venstre', for elva ligg på venstre side av ferdavegen når ein fer oppover dalen. |
Åkrehamn | frå gammalnorsk Akrar, fleirtal av åker |
Ålesund | av gammalnorsk *Álasund, der førsteleddet kan vere genitiv av fiskenamnet ål |
Åndalsnes | samansetning av gardsnamnet Åndal og eit anna gardsnamn Nes. Namnet Åndal er tolka som eigentleg Åmdal, der førsteleddet er gammalnorsk ámr 'rustraud, mørk' |
Åsgårdstrand | førsteleddet er gardsnamnet Åsgard, samansetning av ås 'høgdedrag' og gard |