Hopp til hovedinnhold

Trygd og trygding

Spørsmål

I eldre nynorske tekstar er trygd og trygding nytta om heilt andre ting enn i bokmål. Kva er grunnen til det?


Svar

Det korte og greie ordet trygd var ein gong i tida det viktgaste nynorske motstykket til «sikkerhet» og «garanti». Å trygda var å forsikra, og trygding var forsikring.

Utgangspunktet for utgreiinga er dette enkle systemet med tradisjonell nynorsk og bokmål:

trygg = sikker
å tryggja
= gjøre sikker
trygd = sikkerhet, garanti
trygding = forsikring

Trygd no

På det økonomiske området er trygd ‘garanti’ (trygd for lånet), og det å «stille sikkerhet» kan vera å «gje trygd». «Sikkerhetsdokument» i banksamanheng er etter ordboka lånetrygddokument.

Trygd kan enno brukast slit, men ein bør syta for at meininga går fram av samanhengen. Ordet kan ikkje brukast fritt i samansetningar. Til dømes er trygdefond tvitydig, så «sikkerhetsfond» er tryggingsfond eller sikringsfond (det siste då med ei litt anna avgrensing enn i bokmål), og «sikkerhetsrett» (jf. «pantesikkerhet» o.a.) er no tryggingsrett (trass i at pantetrygd er brukande).

I bokmålsnær nynorsk er trygd berre ei viss form for offentleg forsikring eller tilskot, som i bokmål, jf. ordet folketrygd.

Om ein ikkje vil nytta trygd, kan ein bli nøydd til å ty til sikkerheit ein gong iblant. (Merk: Ikkje bruk sikring ukritisk.) Ein kan truleg ikkje alltid gå beint på underomgrep som garanti, kausjon og pant. Ein kan heller ikkje utan vidare ta sjansen på trygging/sikring, for desse orda er ikkje alltid innarbeidde i den aktuelle tydinga. (Finn du ikkje samansetninga i rett tyding på nb.no, bør du styra unna.) Trygging/sikring mot tap er likevel greitt.

I verne- og forsvarstyding (jf. safety og security) har vi alltid hatt ordet tryggleik, men før dekte trygd meir av denne typen sikkerheit òg.

Trygding

Trygding var før det vanlege nynorskordet for forsikring. I samansetningar var det likevel ofte trygd- som galdt. «Forsikringspolise» heitte lenge kort og godt trygdebrev. Etter kvart vart trygding meir og meir nytta for å presisera at det galdt forsikring, ikkje trygd i den innsnevra tydinga.

Framgang for orda, men innsnevring av tydinga

Her er eit utklipp frå Statsspråk 4/2011:

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.