Hopp til hovedinnhold

Rapportlansering: Norsk i kvardagen – språkkompetanse blant innvandrarar frå Polen, Litauen og Ukraina


Språkrådet lanserer «Norsk i kvardagen», ei undersøking om norsk språk gjennomført blant over 4000 innvandrarar frå Polen, Litauen og Ukraina.

Undersøkinga gir ny innsikt om norskferdigheiter, erfaring med norskopplæring, opplevd nytte av å kunne norsk og motivasjon for språklæring blant desse innvandrargruppene, som er dei tre mest talrike innvandrargruppene i det norske samfunnet.

Språklova slår fast at norsk er nasjonalt hovudspråk i Noreg og det språket alle som bur i Noreg over tid, må kunne lære og bruke for å vere fullverdige samfunnsborgarar. På same tid har innvandrarar frå Polen og Litauen ikkje rett og plikt til norskopplæring i offentleg regi, slik som mellom anna flyktningar frå Ukraina har.

I samfunnsdebatten blir språk framheva som ein nøkkelfaktor for å kome i arbeid, for demokratisk deltaking og for integrering i nærmiljøet og lokalsamfunnet. Samtidig har tidlegare undersøkingar peikt på integreringsutfordringar, også språklege, blant arbeidsinnvandrarar frå EØS-området.

Undersøkinga er utført av Verian på oppdrag frå Språkrådet.

Tid: 24. november 2026, 09.00 (programmet tek til 09.15 og varar ein time)
Stad: Målstova i Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110, Oslo

Program:

  • Presentasjon av sentrale funn frå rapporten, ved Kamila Angelika Hynek Grøholt, Verian
  • Kommentar ved Nina Teigland, konstituert direktør i Språkrådet
  • kommentar ved Marta Bivand Erdal, forskar ved Institutt for fredsforsking
  • Effekt av språkopplæring på integrering av flyktningar, ved Mette Foged, Københavns Universitet

Dørene opnar 09.00, og programmet tek til 09.15. Arrangementet er gratis og ope for alle. Det blir også strøymt. Det blir kaffi/te og enkel servering.