Bli med på adventskalenderen vår og vinn finfine skrivesaker!
Rapportlansering: Norsk i kvardagen – språkkompetanse blant innvandrarar frå Polen, Litauen og Ukraina
Språkrådet lanserer «Norsk i kvardagen», ei undersøking om norsk språk gjennomført blant over 4000 innvandrarar frå Polen, Litauen og Ukraina.
Undersøkinga gir ny innsikt om norskferdigheiter, erfaring med norskopplæring, opplevd nytte av å kunne norsk og motivasjon for språklæring blant desse innvandrargruppene, som er dei tre mest talrike innvandrargruppene i det norske samfunnet.
Språklova slår fast at norsk er nasjonalt hovudspråk i Noreg og det språket alle som bur i Noreg over tid, må kunne lære og bruke for å vere fullverdige samfunnsborgarar. På same tid har innvandrarar frå Polen og Litauen ikkje rett og plikt til norskopplæring i offentleg regi, slik som mellom anna flyktningar frå Ukraina har.
I samfunnsdebatten blir språk framheva som ein nøkkelfaktor for å kome i arbeid, for demokratisk deltaking og for integrering i nærmiljøet og lokalsamfunnet. Samtidig har tidlegare undersøkingar peikt på integreringsutfordringar, også språklege, blant arbeidsinnvandrarar frå EØS-området.
Undersøkinga er utført av Verian på oppdrag frå Språkrådet.
Program
- 09.00: Dørene opnar
- 09.15: Presentasjon av sentrale funn frå rapporten, ved Kamila Angelika Hynek Grøholt, Verian
- 09.40: Kommentar ved Nina Teigland, konstituert direktør i Språkrådet
- 09.50: Kommentar ved Marta Bivand Erdal, forskar ved Institutt for fredsforsking
- 10.00: Effekter af sprogundervisning på flygtninges integration, ved Mette Foged, lektor ved Københavns Universitet og seniorforsker ved Rockwoolfonden
- 10.30: Slutt
Arrangementet er gratis og ope for alle. Det blir kaffi/te og enkel servering.
Tid: 24. november 2026, 09.15 (dørene opnar 09.00)
Stad: Målstova i Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110, Oslo