Hopp til hovedinnhold

Tenkje, krenkje, senke og liknande på nynorsk

Spørsmål

Eg slit med bøyinga av verb som sluttar på -enke eller -enkje på nynorsk. Kan de hjelpe?


Svar

Den tradisjonelle bøyinga av tenkje, blenkje og krenkje er slik:

tenkje – tenkjer – tenkte – har tenkt
blenkje – blenkje – blenkte – har blenkt

krenkje – krenkjer – krenkte – har krenkt

Dette er såkalla e-verb; dei har ikkje nokon a i bøyingsendingane (bortsett frå dei valfrie infinitivsformene å tenkja osb.).

J-en er valfri, men ikkje bøyingsmåten. «Har *krenkja», som ein stundom ser, er altså heilt gale. Skal ein fyrst bøye dette verbet gale, er det betre å skrive «har krenka». Då bøyer ein det på same måte som å senke:

senke – senker – senka – har senka

Somme blandar inn ein j i bøyinga av senke. Det er òg heilt gale. Skal ein bruke j, må ein halde seg til den tradisjonelle varianten av ordet i nynorsk, altså å søkkje:

søkkje – søkkjer – søkkte – har søkkt

(Merk at søkke – søkk – sokk – har sokke tyder noko anna. Det svarer til bokmål synke.)

To ord som faktisk blir bøygde med både j og a, er å lenkje og å benkje:

lenkje – lenkjar – lenkja – har lenkja
benkje – benkjar – benkja – har benkja

Dette «avviket» (a-bøyinga) heng saman med at verba er avleidde av substantiv (ei lenkje og ein benk). J-en er valfri i desse verba òg. (Ein bør velje same løysing i verbet som i substantivet, altså t.d. ei lenkje – å lenkje.)

Det finst ein eldre variant av verbet å lenkje. Det er eit e-verb:

lekkje – lekkjer – lekte – har lekt

Det går som det meir kjende verbet å tekkje:

tekkjetekkjer – tekte – har tekt

Fortidsformene av å lekkje kan sjå løgne ut for den som er mest van med bokmål, men hugs at bokmål lekte = nynorsk leika. Lekte kolliderer altså ikkje med fortid av å leike. Til slutt: Skriv ein å lekkje for å lenkje, bør ein helst òg bruke substantivet ei lekkje i staden for ei lenkje.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.