Hopp til hovedinnhold

Streaming = strøyming eller strauming?

Spørsmål

På bokmål er saka grei: to stream = å strømme, og streaming = strømming. Men heiter det å strøyme eller å straume på nynorsk?


Svar

I denne tydinga tilrår vi e-verbet

å strøyme – strøymer – strøymde – har strøymt

framfor a-verbet

å straume – straumar – strauma – har strauma.

Berre spesielt interesserte bør lese teksten nedanfor. Vi har gjort nokre pedagogiske uthevingar.

Parverb i norsk

I norsk har vi ein del parverb, det vil oftast seia eit sterkt verb (døme: flyte – flaut) på den eine sida og eit svakt e-verb med såkalla omlyd på den andre sida (døme: fløyte – fløytte). Omlyd er eit eldgammalt fenomen med overgang frå au til øy i rota (som her) eller ein av desse overgangane: u til y, o til ø, a til e, å til æ.

Hovudmønsteret ved parverb er at det svake verbet er transitivt (det vil seie at det tek objekt), og at det dessutan er kausativt (det vil seie at det tyder 'å få noko til å skje', nærmare bestemt det det sterke parverbet viser til). Fløyte er altså eit transitivt (og kausativt) verb.

Kva er problemet?

Både strøyme og straume bryt med hovudmønsteret. Begge har i utgangspunktet intransitiv tyding utan å vere sterke verb. Kva av dei to høver då best som transitivt verb (som i to stream something)?

Problemet med strøyme er at det er intransitivt frå før: Noko strøymer jo av seg sjølv, det strøymer ikkje noko (eit objekt). Transitiv strøyming er altså ikkje berre ei teknologisk nyvinning, men noko grammatisk uvant.

Problemet med straume (ei direkte ny avleiing av straum), er at det ikkje har omlyd (au til øy), og at det har a-bøying. Hovudmønsteret er jo at transitive parverb har omlyd og e-bøying. Men merk at dette mønsteret gjer seg gjeldande når det intransitive verbet er sterkt.

Konklusjon: Begge verba og bøyingsmåtane kolliderer meir eller mindre med innarbeidde mønster, men ingen blir totalskadde av det. Vi tilrår det som trass alt er vanlegast av dei to, og som såleis sklir mest umerkande inn i målet elles:

strøyme – strøymer – strøymde.

Somme har teke i bruk hybriden strøyme – strøymar – strøyma (vel etter mønster av bokmål strømmet/strømma), men den gjer alt endå meir innfløkt, med ein kombinasjon av omlyd og a-ending.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.