Hopp til hovedinnhold

Skada eller skadd, lada eller ladd på nynorsk?

Spørsmål

Kva heiter lade og skade i perfektum partisipp på nynorsk? Børsa var l___, men eg vart ikkje sk____.


Svar

Tradisjonelt heiter det ladd og skadd, men skada og lada vart teke inn og jamstilt i 2012.

Variantane skada og lada er ubøyelege. Skadd og ladd kan ein la vere å bøye dersom ein ikkje samsvarsbøyer svake verb elles. Men brukar ein samsvarsbøying, må ein skrive slik:

han/ho er skadd
det er skadd eller skadt
dei er skadde

pistolen/børsa er ladd
geværet/batteriet er ladd eller ladt
batteria er ladde

Det same gjeld etter andre former av hjelpeverb (var, blir, blei, vart osb.).

Om ein skriv skadd og ladd etter det tradisjonelle mønsteret, må ein bøye orda som e-verb heile vegen, slik:

å skada/skade – skader – skadde – har skadd (eller skadt)
å lada/lade – lader – ladde – har ladd (eller ladt)

Til slutt må vi nemne stuttformene å ska og å la. Dei har i mange hundre år vore dei naturlege talemålsformene i dei fleste dialektane rundt omkring i landet. Ein grunn til at dei er lite nytta i skrift no, er truleg at presens skar og lar minner om former av andre verb, men hovudgrunnen er nok bokmålspåverknad og nyare skriftuttale av skade og lade med d-lyd. Ein kan rekne å ska og å la som uttalevariantar av skade og lade (med stum d), men ein kan altså òg bruke dei i skrift.

Ein nær parallell er forresten å spa, som er lett å bøye: jorda er spadd, potetene vart spadde opp.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.