Hopp til hovedinnhold

Senioritet

Spørsmål

Er senioritet et greitt ord å bruke på norsk? Det blir mellom anna nytta av kommunikasjonsbyrå, og Google viser ein god del treff. Sambuaren min, som er journalist, meiner at senioritet ikkje kan nyttast på norsk, men eg tykkjer det er ein sær synsmåte.


Svar

Ordet kan brukast, men det kan vere gode grunnar til å velje etablerte norske ord i staden.

Søk på nettet og i ein stor database over norske avistekstar syner at ordet senioritet er lite nytta i allmennspråket, men blir brukt ein del i visse bransjar.

Slår ein opp i engelske ordbøker, ser ein at seniority har fleire tydingar. Her er eit utklipp frå ordboka Merriam-Webster:

Det er ikkje opplagt at alle vil skjøne kva som er meint med senioritet. I mange tilfelle har vi allereie ord i norsk som dekkjer det som ligg i det engelske ordet, t.d. tenestetid, ansiennitet, (høgare) alder eller (høgare) rang. Det er liten grunn til å bruke senioritet der det etablerte norske ordet er dekkjande.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.