Hopp til hovedinnhold

Over heile fjøla

Spørsmål

Kva slags fjøl er det snakk om når ein seier over heile fjøla og meiner over heile lina? Er det brødfjøla?


Svar

Vi trur ikkje det. Rundt omkring i landet er fjøl eit nokså vanleg ord for flate trestykke. Vi trur helst at uttrykket over heile fjøla skriv seg frå arbeidslivet; kanskje har det vorte til i samband med høvling og snikring. Men vi har ikkje nokon teori om kva som er tanken bak.

Vi kan berre slå fast at uttrykket kom inn i skriftmålet i 1920-åra frå folkeleg talemål, truleg bygdemål.

Ein heilt annan teori er at det er ordet fjøld(e) ‘mengd, flokk’ som ligg under. Heile fjølda (eller fjølden) har vore eit vanleg ordlag for heile hurven mange stader. Problemet er uttalen utan d og med lang ø; den er sjeldan.

Vi meiner det er litt meir grunn til å tru at det er tale om ei trefjøl, til dømes ei gammaldags lusefjøl – eller kanskje ei husefjøl (fattigtavle, fattigstav) med namna på bønder som hadde skyldnad til å hysa fattigfolk.

Elles minner over heile fjøla mykje om engelsk across the board, som tyder det same, men som garantert har eit anna slags opphav. Tysk durch die bank er eit anna døme på liknande uttrykk.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.