Hopp til hovedinnhold

Nedgang på minus seks prosent?

Spørsmål

Eg las nett om «ein reduksjon på –6,2 %». Er det rett formulert?


Svar

Vi rår ifrå å skrive slik. Meiner ein at det har vore ein reduksjon, og at den har vore på 6,2 prosent, bør ein skriva ein reduksjon på 6,2 %.

Reduksjon er per definisjon negativt. Nedgang på minussida er pleonastisk (dobbelt opp), dersom ikkje meininga er at minus og minus blir pluss. Når ein tek tal ut or ein tabell og set dei inn i løpande tekst, bør ein sjå etter om forteiknet trengst.

Ein kan òg støyta på formuleringar som oppgang på –6,2 prosent, som (dersom det ikkje berre er ein skrivefeil) tyder det same som nedgang på 6,2 prosent. I vanleg tekst bør ein kalla negativ oppgang nedgang.

Ord som kan stå for endring i begge retningar (slike som endring og utvikling), kan ha pluss eller minus føre, alt etter samanhengen. Men i praksis nyttar ein oftast særskilde ord for oppgang og nedgang (slik som nettopp oppgang og nedgang), og då kan forteikna sløyfast.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.