Hopp til hovedinnhold

Multitasking på norsk

Spørsmål

Finst det eit godt norsk ord for multitasking, altså at ein gjer fleire ting i same slengen? Samslenging?


Svar

Orda multitaskar og multitasking er nokså innarbeidde hos dei fleste no.

Fleiroppgåvekøyring (fleroppgavekjøring) er vanleg på norsk om det at to eller fleire oppgåver blir utførte samtidig på ein datamaskin.

Det islandske ordet er forresten fjölverkavinnsla (‘mangverksarbeid’).

Fleiroppgåvekøyring høver ikkje som nemning for menneskeleg multitasking. Ein person som driv med slikt, kan kallast multitaskar eller med eit forslag frå publikum: parallellpuslar.

Vi har frå før ordet mangsyslar, men det blir gjerne brukt i vidare tyding, altså ikkje om det å gjera fleire ting heilt samtidig. Ein som gjer fleire ting i same slengen, kunne saktens kallast ein samslengjar (samslenger), men vi trur nok ikkje at eit slikt ord vil bli teke i bruk.

Kom gjerne med andre framlegg.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.