Hopp til hovedinnhold

Milepæl og milepælssamtale på nynorsk

Spørsmål

I seniorpolitikken vår nyttar vi omgrepet «milepælsamtale». Finst det eit omgrep med same meiningsinnhald på nynorsk?


Svar

Nyleg vart ordet milepæl teke inn i Nynorskordboka, men dei som held seg til traust og tradisjonell nynorsk, skriv påle i staden for pæl og vil nok skriva noko anna enn milepæl. Tradisjonelt heiter det helst milestolpe eller milestein på nynorsk.

Kva skal ein kalla milepælssamtale om ein held seg til det tradisjonelle? Milestolpe er det vanlegaste ordet for milepæl, men samansetjinga milesteinssamtale er meir praktisk enn milestolpesamtale.

Utdjuping

Pæl heiter altså helst påle på nynorsk og i tradisjonelt norsk talemål rundt omkring i landet. Pæl vart offisielt godkjent fyrst i 1985, utan at milepæl vart teke med i rekninga. Milepælen kom inn i 2021.

Det vanlegaste ordet for milepæl har vore milestolpe (ikkje milepåle). Det gjeld både i konkret og overført tyding. Her er det eldste trykte dømet: «Kunstverk standa atter som Milestolpar paa den Vegen, som Manna-ætti hever gjengit etter» (Ferdaminni fraa Sumaren 1860, av Aasmund Olavsson Vinje).

Milestolpar av stein (frå Kristian 5.s tid) har ein gjerne omtala nettopp som milesteinar.

Ein eller to s-ar etter pæl?

Det bør heita milepælssamtale med to s-ar på begge skriftmål. Det vanlegaste er å skriva milepælsplan, ikkje milepælplan.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.