Hopp til hovedinnhold

Kvifor u i «humle» og «rumpe», men o i «somle» og «lompe»?

Spørsmål

Kvifor skriv vi humle og rumpe med u, men somle og lompe med o?


Svar

I humle og ein del andre heimlege ord har u halde på den gamle uttalen av denne bokstaven.

I gammalnorsk stod bokstaven u for ein o-lyd, slik han gjer i mange andre språk den dag i dag. Seinare skjedde det endringar i lydsystemet, slik at ein i staden fekk den spisse norske u-lyden i dei fleste posisjonar. Men framfor m og ng heldt den gamle uttalen seg stort sett. Jamfør den vanlege uttalen av ord som dum, rumpe, hummar, ung, tung.

I eldre nynorsk vart u nytta nokså konsekvent føre m og ng i ord der uttalen var u eller o (ikkje å) i dialektane. Til dømes skreiv ein um for /om/ fram til 1938. Lenge skreiv ein òg å sumle og å fumle. Utetter på 1900-talet gjekk ein smått om senn over til å somle og å fomle (sideformer i 1917, hovudformer i 1959). Dette skulle vera meir lydrette former, men sidan dum og humle vart ståande, slik at <um> faktisk framleis stod for /om/, er det like rett å sjå det som bokmålstilnærming.

I 1996 fekk vi lompe for lumpe. Men det heiter framleis lumpent og dumt på både nynorsk og bokmål.

Gomle skriv vi med o fordi det kjem av gom(me) (som har o-lyd). Skrivemåten skal visa samanhengen mellom orda. (På dansk skriv dei gumle og gumme.)

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.