Hopp til hovedinnhold

Kvifor har vi æ, ø og å i alfabetet?

Spørsmål

Kvifor har vi bokstavane æ, ø og å i det norske alfabetet?


Svar

Kort sagt har vi æ, ø og å for å gje att lydar i norsk talemål. Vi har alfabetet vårt frå latin, men dei nordiske språka har fleire vokalar enn latin hadde, og det latinske alfabetet vart difor tilpassa lydsystemet vårt alt i mellomalderen.

Det latinske alfabetet vart spreidd med det latinske språket, som var administrasjonsmålet i Romarriket og dessutan språket til dei lærde i Vest-Europa heilt opp til nyare tid.

Bokstavane æ og ø (før œ) fanst alt i latin som samansmeltingar av andre bokstavar (æ = a + e, og œ = o + e), men vart brukt litt annleis enn i norsk. Å-en er ei nyare oppfinning som vi stort sett brukar der gammalnorsk hadde lang a (á). Etter gammalnorsk tid nytta ein aa i fleire hundre år før å-en vart henta frå svensk, der han hadde vore nytta lenge. Ringen over å har ein gong førestilt anten ein a eller ein o.

Du kan lese meir om korleis teikna vart til, i artikkelen Skandinaviske «særbokstaver» av Arne Torp.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.