Hopp til hovedinnhold

Kva er refleksive verb?

Spørsmål

Eg skulle gjerne hatt ei forklaring på kva refleksive verb er. Er finnast (det finst) og synast (eg synest) døme på refleksive verb?


Svar

Det er tydinga som avgjer om eit verb er refleksivt, og desse to verba kan nok ikkje kallast refleksive.

Noko refleksivt er noko som blir bøygt tilbake mot utgangspunktet. Eit refleksivt verb eller pronomen viser tilbake til den som handlar. Døme:

Eg slo ballen (ikkje refleksivt)
Eg slo meg (refleksivt)
Eg skamma meg (refleksivt)
Eg skjemdest (refleksivt)

Meg er den same som eg. Meg viser altså tilbake til subjektet eg. Endinga -st i skjemdest har same funksjon. Denne endinga skriv seg frå det refleksive sik = ‘seg’ i gammalnorsk. Fleire døme:

å undra seg = å undrast
å samla seg = å samlast

Her har vi refleksiv tyding i alle dei fire døma.

Eit refleksivt verb er i Nynorskordboka forklart som eit verb «med eit refleksivt pronomen el. eit personleg pronomen med refleksiv funksjon som objektsform, til dømes i uttrykka ‘ho gifte seg’, ‘dei skunda seg’, ‘vi samlar oss’, ‘du undrar deg’».

Ellers er termen refleksivt verb ikkje så mykje nytta. Verb på -st kallar vi gjerne st-verb (bokmål: s-verb). Undrast og samlast kan òg kallast refleksiv form av undra og samla.

Ikkje alle verb på -st har refleksiv tyding, trass opphavet i gammalnorsk sik. Til dømes har det svært vanlege verbet møtast resiprok tyding (det tyder ‘møta kvarandre’). Nokre slike verb har til og med passiv tyding (seiast ‘bli sagd’ og kjennast ‘bli kjend’).

Når vi ikkje straks ser noko refleksivt, resiprokt eller passivt ved eit st-verb i notidsspråket, kan vi kalle det eit aktivt st-verb. Finnast og synast er døme på slike verb, sjølv om ein kanskje kan ana noko refleksivt i dei (jf. nærskylde uttrykk som befinne seg og det synest for meg).

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.