Hopp til hovedinnhold

Konto og saldo i fleirtal

Spørsmål

Kva heiter konto og saldo i fleirtal?


Svar

Konto er eit hankjønnsord som trygt kan bøyast på vanleg måte i fleirtal:

nynorsk: fleire kontoar – alle kontoane
bokmål: flere kontoer alle kontoene

Dette er den vanlegaste bøyinga, som gjerne har blitt tilrådd. Det er òg mogleg å bruke den opphavlege italienske fleirtalsendinga -i, slik:

nynorsk: fleire konti – alle kontiane
bokmål: flere konti alle kontiene

Den er mest brukt i ubunden form (etter fleire ovanfor), der den ikkje kolliderer med den norske endinga. (Kontiane er nesten ikkje brukt på nynorsk.)

Saldo kan ikkje bøyast med i, men berre regelrett:

nynorsk: fleire saldoar – alle saldoane
bokmål: flere saldoer alle saldoene

Forma saldi har funnest, og danske ordbøker nemner gjerne denne forma. Men allereie Norsk Riksmålsordbok frå 1947 gjev berre opp saldoer.

Det finst forresten ingen regel som omfattar alle italienske lånord på -o- Til dømes kan risiko berre heita risikoar (bokmål risikoer) i ubunden form fleirtal. Ein må altså slå opp i ordboka om ein er i tvil.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.