Hopp til hovedinnhold

Kløyvd infinitiv

Spørsmål

Kva er kløyvd infinitiv, eigentleg? Kan ein framleis nytta det i skrift? Kvar finn eg opplysningar om kva verb som skal ha a-ending i dette systemet?


Svar

Det finst tre måtar å handtera infinitivsendingar på i nynorsk: 1) gjennomført a-infinitiv, 2) gjennomført e-infinitiv og 3) kløyvd infinitiv. Det siste vil seia at infinitivane er delte (kløyvde) i to grupper – e-infinitivar og a-infinitivar – etter visse reglar. Dei tre systema kan ikkje kombinerast.

Kløyvd infinitiv er ein særskild historisk framvaksen kombinasjon av a- og e-former (døme: å vera, men å finne), sjå «Historisk bakgrunn» nedanfor. Systemet er ikkje forklart i ei handvending, så ein må ta seg litt tid og setja ned lesefarten.

Her finn du ein artikkel av Ernst Håkon Jahr om kløyvd infinitiv i skriftnormalane. Ei anna utgreiing står i Ny rettskriving for 2000-talet, kapittel 3.4.1 Infinitiv.

Ei liste med dei verba som skal ha a-infinitiv, er sett inn heilt til slutt nedanfor.

Stillinga i skriftnormalane

Bokmål har no berre e-infinitiv. Kløyvd inifinitiv var sideform (altså ikkje til bruk i lærebøker eller i statstenesta) i bokmål frå 1938 til 2005. I nynorsk vart kløyvd infinitiv nytta (med ein slags sideformstatus) fram til 1938, då det vart jamstilt form. I 1959 vart det sideform, og i 2012 vart det jamstilt att.

Det geografiske grunnlaget

Kløyvd infinitiv er eit austnorsk målmerke med grunnlag i gamalnorsk. Det aller meste av Austlandet, jamvel Oslo, har til nyleg hatt mykje kløyvd infinitiv, og restar av systemet finst framleis i folkeleg oslomål (jf. vær(r)a og gjør(r)a).

Det historiske grunnlaget (OBS: krev konsentrasjon!)

I gamalnorsk hadde verb a-infinitiv. Rotvokalen (vokalen inni ordet) var anten stutt (som i-en i lifa ‘leva’) eller lang (som i skrífa ‘skriva’). Som du ser, er lang vokal markert med aksent.

Langstava verb er verb med lang vokal, dobbel konsonant eller begge delar. I slike verb vart endinga etter gamalnorsk tid redusert til -e i austnorsk. I trøndersk forsvann han heilt (såkalla apokope). Stuttstava verb hadde etter måten mindre tyngd i rota og dermed meir jamvekt mellom stavingane. I desse stuttstava jamvektsorda heldt a-endinga frå gamalnorsk seg.

Sidan har vi hatt ei såkalla kvantitetsomlegging, som stutt sagt inneber at alle verb i moderne norsk er langstava (har lang rotstaving). Etter denne omlegginga kan uttalen av rota (altså lengda) ikkje lenger fortelja oss om eit verb skal ha a- eller e-infinitiv.

Nokre knaggar

Det ein treng for å læra seg kløyvd infinitiv skikkeleg, er anten

1) kjennskap til eit eller helst fleire austlandsmålføre,
2) kunnskap om skrivemåten i gamalnorsk, eller
3) ei liste med verba som skal ha a-infinitiv (sjå til slutt nedenfor)

Ein kan òg koma eit stykke på veg med å granska rotvokalar og talet på konsonantar mellom rotvokalen og endinga. Her nokre tommelfingerreglar:

A-ending finn vi særleg i gamle heimlege verb som i nynorsk kan skrivast med rotvokalen

  • -a-
  • -e- (så sant e-en ikkje var lang i gammalnorsk)
  • open -o- (dvs. o med å/ø-uttale)
  • open -i- (dvs. i-ar av det slaget som blir til e i mange dialektar)
  • open u (dvs. i-ar med utbreidd o-uttale)

+ éin konsonant føre endinga.

Det gjeld altså desse vokalane føre enkel konsonant:

a: laga, aka, mata, fara, hata, gala, skapa
e: bera, drepa, gjera, eta, lesa, leva, sela, skjera, spela, vera, veta (= vita)
o med å/ø-uttale: bora, lova, koma (og dermed komma), moka, skoda, sova, tola
open i og open u: vita, skipa; duna, muna

Fleire døme finn du i lista til slutt. (Ingen av orda på lista har utbreidd trong uttale av i, e, u eller o.)

Verb med ein enkelt konsonant + j rett føre endinga får tradisjonelt helst -a:

byrja, delja, fremja, lepja, remja, selja, sitja, setja, skilja, spørja; dessutan seia og teia

Dette gjeld ikkje alle dialektar med kløyvd infinitiv, men ein bør halda seg til lista.

To konsonantar føre j-en gir derimot e-infinitiv:

byggje, syngje, leggje, liggje, trekkje osv.

Men merk at liggje og leggje mange stader blir liggja og leggja, truleg etter mønster frå sitja og setja.

Liste frå «Ny rettskriving for 2000-talet»

Lista er ikkje fullkomen. Mellom anna vantar leva og vitja – som skal ha a-ending. Det vantar òg fleire samansette verb. Samansette verb (som fortelja) får same ending som det usamansette verbet.

 

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.