Hopp til hovedinnhold

Jævlast

Spørsmål

Kvifor står ikkje uttrykket å jævlast/jævles i ordlistene? Det er eit folkeleg uttrykk med lang tradisjon og godt fotfeste i fiskeri og arbeidarkultur langs heile kysten.


Svar

Ordet står visst berre i éi ordbok, Norsk Ordbok frå Det Norske Samlaget, band 1:

djevlast ‘mødast, ha mykje bry’, døme: «æg sto … å jævlas me ei garnfilla» (sitat frå Vett og uvett).

Andre døme frå litteraturen: «det e her i nord vi har jævlast mæst med overgangen fra reint hagebruk i den frodige Edens hage og tell bureising på ei så skrinn og mager jord» (Oluf i Dokker kan flire av Arthur Arntzen (1996)).

I svensk er det mykje meir utbreitt, men nærmast i motsett tyding brukt om personar: att (d)jävlas med, som nærmast er ‘å plage’. Denne tydinga finst òg i norsk. I eldre svensk finn vi elles den same tydinga som i ordboka ovanfor.

Dette er eit ord som ikkje står så ofte på prent. Det er nok forklaringa på at ordbøkene ikkje har fanga det opp. Men det burde nok ha stått i fleire ordbøker, for du har rett i at det blir brukt mange stader. Men kvifor står det med dj- der vi finn det? Jau, av same grunn som vi finn /jup/ under djup. Og kvifor ikkje med æ? Jau, fordi /æ/ kan reknast som valfri uttale av e i nynorsk. Skriv gjerne at du djevlast med noko, og uttal det som du vil.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.