Hopp til hovedinnhold

Islamisering og islamofobi

Spørsmål

Blir samfunnet islamisert? Og er dei som hevdar at det blir det, islamofobe?


Svar

Dette er spørsmål som andre enn Språkrådet må svara på, men vi kan seia noko om skrivemåten av desse orda.

Islami(fi)sere

Somme spør om det heiter islamisere eller islamifisere. I ordbøkene står det berre islamisere. Ordet islam kjem frå arabisk, mens etterfestet -isere kjem frå gresk -izein, som på latin blei til -izare. Etterfestet har vore vanleg i verb med ei opphavleg gresk ordstamme – som tyrannisere, karakterisere, idyllisere. I dag er -isere blitt svært produktivt og kan setjast saman med ordstammer av ulikt opphav. Mange av verba har eit tilhøyrande substantiv med suffikset -isme, som òg har røter i gresk. Døme på slike ordpar er amerikanisere og amerikanisme og islamisere og islamisme.

Jamvel om islamifisere ikkje står i ordbøkene, har vi ein del andre ord som endar på -(i)fisere: kvantifisere, verifisere. Førsteleddet i desse orda kjem frå latin og har fått med seg -(i)fisere derifrå.

Islam(o)fobi

Kva med islamofobi? Dette ordet vart knapt brukt i norsk før tusenårsskiftet, men det har spreidd seg kraftig og har kome inn i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Islamofobi er sydd over same leist som andre fobiar, til dømes aerofobi og xenofobi. Desse orda er samansette av greske element, og på gresk dukkar det gjerne opp ein binde-o i samansetjingar. Dette har smitta over på ord med ikkje-greske element. Det same ser vi i ord med andre greske etterfeste, til dømes islamologi og islamolog.

Sidan både islam og fobi er sjølvstendige ord på norsk, ser vi stundom den meir regelrette samansetjinga islamfobi utan -o-. Det er ikkje noko gale med den, men det verkar mest naturleg å ha med o-en i både islamofobisk og islamofob, og det talar for å skriva islamofobi òg.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.