Vi har for tida ei ledig stilling i Språkrådet.
Drikken te – rett skrivemåte
Spørsmål
Kva for skrivemåtar er tillatne når det gjeld drikken te? Er varianten «the» mogleg?
Svar
Einaste tillatne skrivemåte er te.
På norsk er det berre éin skrivemåte for denne drikken, nemleg te. Norsk Riksmålsordbok fører opp skrivemåten «the», men med merknad om at han er forelda. Ordbog over det danske Sprog skriv at den offisielle forma i dansk var The fram til 1872. Ordet er opphavleg frå ein sørleg variant av kinesisk, men kom til oss via nederlandsk thee.