Hopp til hovedinnhold

Dedisere, dedikere, dedikert

Spørsmål

Kva er skilnaden på å dedisere og å dedikere? Og kva er det å vere dedikert?


Svar

Å dedisere og ein dedikasjon (om bøker)

Å dedisere er det eldste av dei to verba i norsk. Til dette verbet høyrer eit substantiv med -k-: ein dedikasjon.

Å dedisere tyder fyrst og fremst å tileigne eit verk til nokon. På ei særskild side framme i ei bok kan det stå trykt til dømes «Til minne om mor mi». Dette er altså ein dedikasjon. Ordet kan òg brukast om handskrivne helsingar i boka: «Til Kåre frå forfattaren».

Når det handlar om kyrkjer, brukar ein verbet vie: Kyrkja er vigd til den og den.

Å dedikere (om litt av kvart)

Å dedikere fekk vi i åttiåra inn som eit dataord frå engelsk dedicate med tydinga ‘lage for, tilpasse, reservere for ein viss bruk/brukar’, som i: «Datasystemet er spesielt dedikert behova i etaten». Det blir no brukt i vidare tydingar som setje av til, øyremerkje for.

Begge verba går attende til latin dedicare med tydingane ‘innvie, tileigne’.

Dedikere er no i ferd med å stele tydinga til dedisere (brukt om bøker og andre verk). Det er ikkje så rart, for dedicate har denne tydinga i engelsk, og substantivet dedikasjon byggjer ei bru frå dedisere med s til dedikere med k.

Men orda bør skiljast åt i norsk.

Å vere dedikert (om folk)

Etter tusenårsskiftet blir dessutan adjektivet dedikert nytta mykje etter engelsk mønster om folk som brenn for noko eller nokon, mellom anna om ihuga og trugne tilhengarar av ymse slag. Ein kan dessutan snakke om å dedikere seg til noko, altså engasjere seg i, vie seg til eller gå heilt opp i ei sak eller eit emne.

Til slutt resultatet av eit søk i aviskjelder:

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.